ARN – Avd. BA og HO, Vestland fylkeskommune
Lærer
UNDERVISNINGSSTILLING HELSE OG OPPVEKSTFAG.
Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik og moderne skule i Arna med omlag 280 elevar og 45 tilsette. Skulen held til i nyoppussa moderne lokale på Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Våre utdanningsprogram er studiespesialisering, medium og kommunikasjon, informasjonsteknologi og medieproduksjon, bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. Skulen er ein del av eit allsidig lokalsamfunn og har gode samarbeidstradisjonar med arbeids- og samfunnsliv. Skulen legg vekt på å skapa gode læringsmiljø og arbeidsvilkår for elevar og tilsette med fokus på utvikling, trivsel, kunnskap og meistring.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 20.05.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Indre Arna
Stillingstittel: Lærer
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4809900569
Arbeidsoppgåver
Undervisninga er lagt til alle nivå innan helse og oppvektfaga. Praktisk og teoretisk VG1 Helse og oppvekstfag og VG2 Helsefagarbeidar. Tett oppfølging av einskilde elevar opp mot opplærings bedrifter og fagopplæringskontor. Skape og utvikla opplæringa saman med elevar, kollegaer og skuleleiing. Me har og ønskje og forventning om stor samarbeidsvilje og evne, både i fagteam og i kollegiet. Arbeide aktivt saman med elevar og arbeidsliv for å skaffa læreplassar. Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Kvalifikasjonar
– Universitets- og høgskoleutdanning.
– Yrkesfaglærarutdanning eller 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og Praktisk pedagogisk utdanning.
– Pedagogisk kompetanse.
– Allsidig og gjerne tverrfagleg praksis.
– Relevant yrkesfagleg utdanning.
– Gode IKT kunnskapar
– Sertifikat på bil Kl. B
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr. Opplæringslova. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Me søkjer engasjerte lærarar som har evne til å motivera og byggja gode relasjonar til elevane. Du må vera ein tydeleg vaksen og god rollemodell for ungdom.
Du må ha eit positivt elevsyn.
Du må være pedagogisk og fagleg nyfiken.
Du må ha stort engasjement for faget. Skulen er oppteken av god undervisnings- og vurderingspraksis og me har fokus på at elevane skal få læringsfremjande tilbakemeldingar i faga.
Du bidreg aktivt til elevens faglege og sosiale utvikling.
Du må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, ha god struktur på undervisninga og utarbeide gode og oversiktlege arbeidsplanar for elevane.
Vi tilbyr
– Løn etter kvalifikasjonar.
– Gode forsikring og pensjonsordningar
– Eit aktivt, inkluderande og stimulerande fagmiljø
– Nært samarbeid med kollegaer
– God delingskultur
– Opplæring til nytilsette
Kontaktinformasjon
Lars Inge Skjerping Teigen, avdelingsleiar
Telefon: 452 91 725
E-post: Lars.inge.skjerping.teigen@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.