Arkivleiar
Stryn kommune har ledig 100 % stilling som arkivleiar.
Vil du vere ein pådrivar for digitalisering og effektivisering av arbeidsprossessar og dokumentflyt?
Som arkivleiar har du eit yrke for framtida. Det digitale samfunnet har enorme mengder data og informasjon som skal forvaltast og arkiverast både for bruk i dag og for framtida. Du blir tilsett på avdeling for service, kommunikasjon og IKT, og til dagleg arbeider du i eit team med to andre.
Arkivleiar har det overordna faglege ansvaret for kommunen sitt arkiv i alle fagsystem.
Vi søkjer ein person som er nøyaktig, allsidig og har eit sterkt fagleg engasjement. Vi kan tilby ein spennande jobb med varierte og utfordrande oppgåver.
- Søknadsfrist: 17.03.2024
- Arbeidsgivar: Stryn Kommune
- Stad: Stryn
- Stillingstittel: Arkivleiar
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4774069340
Arbeidsoppgåver
- Systemansvarleg for kommunen sitt saksbehandlingssystem og modul for politiske saker og møter.
- Ansvar for alle arkivsystem i kommunen.
- Ajourhald av arkivplan.
- Brukarstøtte for sak og arkivsystem.
- Samarbeid i nettverk for arkiv i Nordfjord.
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med relevant høgare utdanning.
- Ynskjeleg med erfaring frå stilling knytt til arkiv, gjerne som arkivleiar.
- Kunnskap og erfaring frå offentleg forvaltning og saksbehandling er ein fordel.
- Svært god IT- kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Du bør vere nøyaktig, strukturert og ryddig, og til ei kvar tid kunne ha oversikt over store mengder informasjon.
- Du må vere serviceinnstilt og kunne formidle kunnskap.
- Gode samarbeidseigenskapar.
- Er positiv til utvikling og forbedring
- Høg grad av sjølvstendigheit i arbeidet
Vi tilbyr
- Spennande og krevande arbeidsoppgåver
- Mogleg for fagleg og personleg utvikling
- Eit levande fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Eit hyggeleg og trygt arbeidsmiljø både fagleg og sosialt
- Eit godt utvikla tverrfagleg samarbeid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tonningsgata 4, 6783 Stryn, Norge
Kontaktinformasjon
Anna Bringsvor Egedahl
Leiar
Telefon:477 58 777
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn