6325_2023_1_12_faf0b39c-f922-4f7e-8424-f57f13d62123

Arealplanleggar

 

 

Vi søkjer etter sakshandsamar i 100 % stilling innan arealplanlegging ved tenesteområde PLAN.

Tenesteområdet er eit av tre tjenesteområda i kommunalområdet eigedom og tekniske tenester. Tenesteområdet har ansvar for arealplanlegging, plan- og byggesakshandsaming, kartforvaltning og måle og deletenester samt kulturminneforvaltning.

Innan for område arealplanlegging er hovudoppgåvene kommuneplanen sin arealdel, private og offentlege reguleringsplanar, kulturminneforvaltning og stadsutvikling. Arbeidsfeltet er allsidig og variert og oppgåvene vil vere knytt til både saksbehandling, prosjektarbeid, tverrfagleg medverknad og rettleiing. Samenhengane mellom kommuneplanen sin samfunns- og arealdel, planstrategi, reguleringsplanar heile vegen til byggesak og oppgåveløysing på tvers av fagfelt. Som rådgivar hos oss får du ein spanande arbeidskvardag med mykje fagansvar.

Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ei av fylket sine fremste industrikommunar og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiske og jordbruk er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan idrett, kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv over alt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutt køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-område og 45 minutt frå Ålesund lufthamn, Vigra. Tenestehuset finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar som Vatne/Tenfjord, Søvik og Austnes.

Adressa for stillinga er Strandgata 40, 6270 Brattvåg

 

Søknadsfrist: 01.11.2024
Arbeidsgivar: Haram kommune
Stillingstittel: Arealplanleggar
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4860022651

 

Arbeidsoppgåver

  • Arealplanlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova
  • Informasjon og medverknadsprosessar
  • Rettleiing i plansaker
  • Samhandling og samarbeid med politisk nivå, regional mynde, utbyggarar, næringsliv, ulike samfunnsaktørar, grunneigarar og befolkninga elles.
  • Fremme planforslag for politisk handsaming
  • Bidra i arbeidet med utbyggingsavtalar
  • Bidra i arbeidet med kommuneplanar, områdeplanar

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradsnivå med bakgrunn som fysisk planleggar, arkitekt, landskapsarkitekt, geograf eller tilsvarande
  • Annan høgare utdanningsbakgrunn i kombinasjon med lengre erfaring frå planprosessar etter plan- og bygningslova kan vurderast.
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og relevant lovverk
  • Erfaring med arealplanlegging på ulike plannivå
  • Relevant praksis med plan- og bygningslova er ønskeleg
  • Beherske IKT- verktøy relevante for fagfeltet godt
  • God forståing av kommunen si rolle som samfunnsutviklar og erfaring frå samspelet mellom politikk og administrasjon
  • Gode norskkunnskapar med god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

 

Personlege eigenskapar

  • Du må vere analytisk og strukturert
    Samfunnsengasjert og fagleg engasjert
  • Du må ha god arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du må vere løysingsorientert
  • Du må ha gode samarbeidsevne og vere god til å kommunisere i møte med ulike menneske
  • Trivast med høgt arbeidstempo
  • Du må vere robust og kunne handtere konfliktar på ein profesjonell måte
  • Trivast med å omgås menneske
  • Ha god arbeidsmoral og vere ansvarsfull

Vi legg stor vekt på at du er motivert og personleg egna for stillinga

 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
  • Variert arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg
  • Gratis parkering inne i p-kjeller på tenestehuset
  • Løn etter avtale. God pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Kristin Fjeld-Eiken
Kommunalsjef
 Telefon:97970215
E-post:[email protected]

Bent Leite
Tenesteleiar
 Telefon:97970215
E-post:[email protected]

 

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Del stillingen

Selskap

Haram kommune

Kontaktinfo

  • Bent Leite
  • Tittel: Tenesteleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+47 97567552

Lokasjon

  • Brattvåg

Søknadsfrist

November 1, 2024