
Vil du undervise i kjemi og naturfag? Vi har ledig 100% engasjement.
Årdal vidaregåande skule har om lag 150 elevar og 40 tilsette, fordelt på 10 klassar. Vi tilbyr utdanningsprogram innan studiespesialiserande, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen ligg i Øvre Årdal, omgitt av flott natur med gode moglegheiter for friluftsliv.
Vi er opptekne av å skape eit trygt og inspirerande læringsmiljø for elevane våre, og eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Som lærar hjå oss får du høve til å vere del av eit engasjert kollegium som samarbeidar tett for å gje elevane dei beste føresetnadene for læring og utvikling.
Ved skulen har vi føljande stilling ledig frå 13.10.2025:
Faglærar i kjemi og naturfag – 100% engasjement, med moglegheit for forlenging.
Søknadsfrist: 09.09.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Vil du undervise i kjemi og naturfag? Vi har ledig 100% engasjement.
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5010725604
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning
- Vurderingsarbeid
- Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasseteam
- Til stillinga må du som søkjar vere førebudd på å vere kontaktlærar
- Stillinga vil vere retta mot undervisning på både studiespesialiserande og yrkesfagleg programområde
Kvalifikasjonar
Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk lærar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere undervisning i:
- Kjemi
- Naturfag
Det er i tillegg ønskjeleg med kompetanse innan eitt eller begge av følgjande fag:
- Matematikk
- Fysikk
Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdanning, men vi oppfordra alle med relevant utdanning og/eller erfaring til å søkje.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- er engasjert og posititv – med ønskje om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø.
- har eit posititvt elevsyn.
- er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg.
- er tilpassingsdyktig.
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Tett samarbeid på tvers av fagmiljø
- Løn etter kvalifkasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Det vert teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingen. Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun
rektor
Telefon:90694334
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.