Alver kommune

Jurist

 

 

Om stillinga

Alver barnevernsteneste styrkjer laget og opprettar ei ny stilling som jurist. Me søkjer etter ein engasjert og dyktig jurist som vil vere med på å vidareutvikle tenesta og sikre høg kvalitet i det juridiske arbeidet.

Stillinga vert lagt i stab med tenesteleiar som næraste leiar, noko som gir eit tett samarbeid med leiinga og dei ulike avdelingane i barnevernstenesta. Rollen inneber å bidra med juridisk rådgjeving, sikre god og trygg sakshandsaming og vere ein ressurs i viktige prosessar.

Me ser etter deg som trivst både med sjølvstendig arbeid og i samarbeid med andre. Du har eit engasjement for barnevern og ønskjer å bruke din juridiske kompetanse til å gjere ei positiv forskjell for barn og familiar.

Hos oss vil du få moglegheit til fagleg utvikling, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver i ei teneste som har eit viktig samfunnsoppdrag.

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Råd og veiledning i juridiske problemstillingar
  • Juridisk bistand i beslutningsprosesser, herunder behandling i nemnd og rettslege prosessar
  • Bidra til å utvikle juridiske kompetansehevende tiltak i tenesta
  • Klagebehandling etter barnevernslova og forvaltningslova
  • Handsame tilsynsaker frå Statsforvaltaren 
  • Handsame innsynssaker
  • Bistå ved internkontroll og rutineutvikling eller innhent frå jobbanalyse

 

Kvalifikasjonskrav  

  • Juridisk embetseksamen/ master i rettsvitenskap.
  • Relevant erfaring fra barnevern eller anna relevant erfaring frå offentlig forvaltning vektlegges.
 

 

Kven er du?

  • Sjølvstendig
  • Pliktoppfyllande
  • Engasjert
  • Ansvarleg
  • Handtere høgt arbeidstempo
  • God skriftleg – og muntleg fremstillingevne
  • Gode samarbeids – og relasjonsbyggjande ferdigheter

 

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
  • Oppfølging og rettleiing
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
 

Politiattest 

I tråd med barnevernlova heimel § 12-11vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
 

 

Om Alver kommune

Alver barnevernsteneste er lokalisert i Helsehuset i Knarvik/ Nordhordland. Barnevernstenesta består av tenesteleiar,  samt i alt fire avdelingar: mottak – og undersøking, tiltak, barne – og familieavdeling og  fosterheim. Tenesta har òg stab med samarbeids – og nettverkskontakt, fag – og utviklingsleiar, psykolog og kontorfaglege. Tenesta som heile består av inntil 60 tilsette.  

Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå barn, og kunnskap frå barn og foreldre. Tenesta er  vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.

Barneverntenesta deltek i diverse prosjekter og har fokus på utvikling og kompetanseheving for den enkelte medarbeidar og tenesta som heilskap.  

 

Spørsmål om stillinga

Sissel Mary Frotjold
Tjenesteleder barnevern
+47 408 07 724
[email protected]

 

 

Søk stillinga

Del stillingen

Selskap

Alver kommune

Kontaktinfo

  • Sissel Mary Frotjold
  • Tittel: Tjenesteleder barnevern
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: +47 408 07 724

Lokasjon

  • Isdalstø

Søknadsfrist

Mai 4, 2025