Kateket i Ørskog og Skodje

 

 

Kateket i Ørskog og Skodje sokn – 100% fast

Det er ledig 100 % fast stilling som kateket i Ålesund kyrkjelege fellesråd.

Vil du jobbe som kateket i Ørskog og Skodje? Desse to sokna høyrer til i indre (austre) bydel av Ålesund, med kort avstand til Moa og Ålesund sentrum (20-30 min), og ein drøy time frå Molde (inkl. ferje).

Bydelane Ørskog og Skodje har vakker natur med gode forhold for friluftsliv, både sommar og vinter. I begge kyrkjelydane vert det gjennomført mange fine trusopplæringstiltak og det er høg deltaking ved konfirmasjon. I 2023 var det 70 konfirmantar i Skodje og 28 i Ørskog. Kyrkjelydane ønskjer å styrke satsinga overfor barnefamiliar, barn og unge.

Ørskog sokn har ca 1700 medlemmar. Ørskog kyrkje er ei langskipskyrkje med 600 sitteplassar. Kyrkjelyden har også eit godt og tenleg kyrkjelydshus like ved kyrkja. Skodje sokn har 3800 medlemmar. Skodje kyrkje er ei langskipskyrkje med ytre krossform med om lag 350 sitteplassar. Denne delen av Ålesund er eit vekstområde med aukande folketal og fleire barnefamiliar etablerer seg her.

Det er eit felles stabsfellesskap mellom sokna med ein sokneprest i kvart sokn, og ein felles kyrkjelydspedagog, kateket, kyrkjetenar, og kantor. Kontorstaden for stillinga blir Skodje eller Ørskog.

Vår kateket gjennom mange år går av med pensjon til sommaren og det blir derfor ledig ei 100 % stilling som kateket med oppstart 1. august 2024 eller etter nærare avtale.

 

  • Søknadsfrist: 25.02.2024
  • Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd
  • Stad: Ålesund
  • Stillingstittel: Kateket i Ørskog og Skodje
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4761162102

 

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for kyrkjelydane si undervisning og opplæring for barn og unge.
  • Koordinere og leie kyrkjelydane sitt konfirmantarbeid.
  • Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der konfirmantar og ungdomar er målgruppa.
  • Følgje opp frivillige medarbeidarar.
  • Ansvarleg for kyrkjelydane sitt skole- og kyrkjesamarbeid.

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja.
  • Søkjarar som har utdanning innan kristendom / teologi og pedagogikk elle anna relevant utdanning vil også bli vurderte.
  • Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyd er ønskjeleg.
  • Søkjar må vere medlem i Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.

 

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for arbeid med undervisning og formidling til barn og unge.
  • Gode pedagogiske og administrative evner.
  • Gode på formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging.
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team, og til å leie andre, både tilsette og frivillige.
  • Raus og inkluderande.
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt.

 

Anna

For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet

Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20

 

Vi tilbyr

For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.

Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Moglegheit til å drøfte stillingsprosent.

 

-Søknadsfrist: 25. februar 2024
-Tiltreding 1.august 2024 eller etter avtale
-Kontakt: Avdelingsleiar kyrkjelyd Hans Roar Aas, 943 23 279

 

Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund, Norge

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Hans Roar Aas
Avdelingsleiar kyrkjelyd
 Telefon:94 32 32 79

Del stillingen

Selskap

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Hans Roar Aas
  • Tittel: Avdelingsleiar kyrkjelyd
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 94 32 32 79

Lokasjon

  • Ålesund

Søknadsfrist

Februar 25, 2024