
Dansepedagog 100% fast stilling
Ål kulturskule søker dansepedagog i 100 % fast stilling frå 1. august 2025.
Er du ein engasjert og kreativ dansepedagog som brenn for å utvikle danselyst og skaparglede? Då er Ål kulturskule staden for deg!
Om Ål kulturskule
Ål kulturskule tilbyr over 300 elevplassar innan musikk, dans, teater/drama, sceneteknikk, yoga og visuell kunst. Målgruppa vår er barn og unge frå 4 til 19 år, men vi har òg tilbod for vaksne innan dans og yoga. Visjonen vår, «Kulturskule for alle», handlar om å skape opplevingar, utvikling og skaparglede for alle som deltek. Vi vektlegg leik, kreativitet og elevmedverknad i alt vi gjer. Vi er stolte av dei årlege kulturprosjekta våre i det flotte kulturhuset vårt, ofte i samarbeid med festivalar og aktørar i kulturlivet. Hos oss får du ein spanande arbeidskvardag med mykje tverrfagleg samarbeid og rom for å påverke, skape og utvikle saman med kjekke og dyktige kollegaer.
Ål skal vere eit kraftsenter for dans i Hallingdal – her kan du bli med på å forme framtida!
Arbeidsoppgåver
- Undervise i jazzdans, moderne, barnedans, hiphop og ballett (dei tre første vert særleg vektlagde).
- Bidra aktivt til utviklinga av fordjupningsprogrammet Hallingdal Dansekompani
- Sikre at elevane si læring og utvikling alltid står i sentrum.
- Starte, leie og gjennomføre framsyningar og danseprosjekt.
- Styrkebasert rettleiing i tett samarbeid med elevar
- Delta aktivt i utviklingsarbeid på tvers av fag ved kulturskulen.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning i dans (minimum bachelorgrad), gjerne med fordjuping i jazzdans, samtidsdans eller klassisk ballett.
- Tilfredsstillande pedagogisk kompetanse. Søkjarar utan praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kan òg bli vurderte, (med vilkår om å fullføre PPU innan ein avtalt tidsperiode.)
- Erfaring frå undervisning i kulturskule, vidaregåande skule eller liknande er ein fordel.
- Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi ser etter deg som
- Har solid dansefagleg kompetanse og god fysisk form.
- Er ein dyktig formidlar med stor skaparglede og musikalitet.
- Møter elevane med varme, respekt og motiverer til meistring og utvikling.
- Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert.
- Er ein lagspelar som bygger gode relasjonar.
- Er strukturert, sjølvstendig og sterk på gjennomføring.
- Har erfaring frå prosjektleiing og administrativt arbeid.
- Tenker stort og framtidsretta, og brenn for dansen sin plass i samfunnet.
Vi tilbyr
- Ein kommune med sterkt kulturfokus – vi har kultur for kultur!
- Gode og støttande kollegaer i ein framtidsretta organisasjon.
- Fantastiske fasilitetar: to store dansesalar (120 m² og 70 m²) og eiga dansescene.
- Samlokalisering i Sprang – produksjons- og visningsarena for dans.
- Samarbeidsmoglegheiter med profesjonelle aktørar frå heile verda gjennom residensordningar på Ål kulturhus.
- Motiverte og engasjerte elevar i eit levande dansemiljø.
- Eit varmt og inkluderande kulturskulemiljø der vi heiar på kvarandre.
- Regionalt nettverk for dansepedagogar i Hallingdal med satsing på fagutvikling og kompetanseheving.
- Ei årsramme for undervisning i 100 % stilling på 570.
Les meir om oss her: ·Sprang scene · Ål kulturskule · Ål kulturskule på Facebook · Ål kulturhus
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 23.05.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Ål kulturskule
Kontaktpersonar:
Iris Almås Tangeraas
tlf: +47 91750896
mob: +47 91750896
Heimeside:
Adresse:
Myren 40 3570 ÅL
Ål kommune Ål kulturskule
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!