Ål kommune Miljøterapitenesta

 

Vernepleiar

 

 

Du ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og bidra til utvikling av arbeidsplassen din.

Miljøterapitenesta tilbyr tilrettelagde heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Dette omfattar heildøgnstenester, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand, opplæring og støtte til pårørande.

 

Ledige stillingar:

Avdeling 1 og avdeling 2 har ledige stillingar som vernepleiar – inntil 100 % i turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi har både faste og mellombels stillingar ledig.

 

Arbeidsoppgåver 

Hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du:

  • Gir heilskapleg og individuell oppfølging til menneske i alderen 5–70 år.
  • Blir ein viktig del av eit fagleg sterkt og engasjert team.
  • Arbeider med målretta miljøarbeid og livsmeistring i fokus.
  • Bidreg til brukarmedverknad, livsglede og utvikling.
  • Følgjer opp helse- og omsorgslova kapittel 9.
  • Tek del i tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage, PPT, KE og andre instansar.
  • Samarbeidar med pårørande.
  • Handterer legemiddel og held oversikt over dokumentasjon og rutinar.
  • Rapporterer i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk og aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
  • Er ein aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper, samt rettleie studentar, elevar og medarbeidarar.

 

Kvalifikasjonar:

  • Har norsk autorisasjon som vernepleiar.
  • Har førarkort klasse B.
  • Meistrar norsk godt – både munnleg og skriftleg (minimum nivå B2).
  • Har evne og vilje til å vere i fysisk aktivitet.

 

Det som kjenneteiknar deg er at du:

  • Har brukarfokus.
  • Er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytetenking.
  • Prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit.
  • Likar å jobbe i team så vel som sjølvstendig.
  • Har evne til å ta imot rettleiing.

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

 

Me tilbyr

  • Spennande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Trygge og dyktige kollegaer som løftar kvarandre.
  • Turnusordning med dag-/kveldsvakter og arbeid kvar 3. helg – eller langvakter på 9–14 timar med lengre friperiodar.
  • Moglegheit for fagleg utvikling gjennom kurs, vidareutdanning og rettleiing.
  • Rabattert treningssenter – ta vare på deg sjølv, også!
  • Løn etter tariff og gode pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Rekrutterings- og behaldingstillegg for vernepleiarar i turnus.

 

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

 

Flytte til Ål?

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!

Flytt til Ål! – Ål kommune

Vil du bli ein del av laget vårt?

Då håper vi du sender inn ein søknad! Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt.

Vi gler oss til å høyre frå deg – velkomen som søkjar!

 

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Skift/turnus
Søknadsfrist: 15.06.2025
Arbeidsstad: Miljøterapitenesta

Kontaktpersonar:

 

Heimeside:

/www.aal.kommune.no/meny/helse-og-omsorg/miljoterapi/

 

Adresse:

Prestegardsjordet 24 3570 Ål

 

Ål kommune Miljøterapitenesta

Me i miljøterapitenesta tilbyr tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Dette inkluderer heildøgns tenestar, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand og opplæring samt pårørandestøtte. Hovudmålet for Miljøterapitenesta er å ivareta brukaren sitt behov for tryggleik, verdigheit, meistring og sosial liv ut frå den einskilde sine føresetnader. Miljøterapitenesta består av 2 avdelingar med kvar sin leiar. Basen ligger sentralt i Ål med gangavstand til sentrum.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. . Bu og levekostnadene er rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengar på å realisere draumane dine. Ål kommune er kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spennande og variert program for heile Hallingdal

Heimeside:
/www.aal.kommune.no/meny/helse-og-omsorg/miljoterapi/
Adresse:
Prestegardsjordet 24 3570 Ål

Kart:
+

Leaflet | © OpenStreetMap contributors, © OpenStreetMap UA contributors
Ål kommune Miljøterapitenesta
Me i miljøterapitenesta tilbyr tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Dette inkluderer heildøgns tenestar, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand og opplæring samt pårørandestøtte. Hovudmålet for Miljøterapitenesta er å ivareta brukaren sitt behov for tryggleik, verdigheit, meistring og sosial liv ut frå den einskilde sine føresetnader. Miljøterapitenesta består av 2 avdelingar med kvar sin leiar. Basen ligger sentralt i Ål med gangavstand til sentrum.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. . Bu og levekostnadene er rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengar på å realisere draumane dine. Ål kommune er kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spennande og variert program for heile Hallingdal

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Kristina Johansson
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 915 27 590
  • Marianne Tretterud Skarpås
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 95943697

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

Juni 15, 2025