
Ål kommune Oppvekstsektoren
Brenn du for å gjere ein forskjell for born og deira kvardag? Då har vi spennande stillingar for deg!
Pedagogisk leiar
Ål kommune har ledig fleire 100% faste stillingar som pedagogisk leiar i ulike barnehagar, og med ulike oppstartsdatoar; frå oppstart snarast til oppstart 01.01.26.
I Ål kommune er det fem kommunale barnehagar. Barnehagane varierer i storleik, frå 2 til 6 avdelingar og er lokalisert både i sentrum og ute i grendene.
Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.
Kvalifikasjonar
Utdanning som barnehagelærar, barnevernspedagog, vernepleiar eller anna relevant godkjent utdanning på bachelor-nivå.
Kjennskap til lovverk og rammer som er gjeldande for barnehage.
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som:
Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
Er glad i barn og har evne til å arbeide tett på barn.
Er ein leikande vaksen, som har høg respekt for leiken til barna.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
God evne til munnleg og skriftleg framstilling på norsk.
Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
Ein barnehage med eit godt fagleg miljø.
Ei personalgruppe som verdsett humor i kvardagen.
Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
Rabattert treningssenter – ta vare på deg sjølv, også!
Løn etter tariff og gode pensjonsordningar gjennom KLP.
Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
Politiattest og søknad
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje eldre enn tre månader.
Kommunen følger offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 22.08.2025
Tiltreding: Ulikt
Arbeidsstad: Ål kommune
Kontaktpersonar:
Marie Bjørke
tlf: 47635450
Heimeside:
www.aal.kommune.no
Adresse: Torget 1 3570 ÅL
Ål kommune Oppvekstsektoren
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!