Lærarar

 

 

Frå 1. august -25 er det ledig faste stillingar for lærarar ved 1-7. trinn ved Nedre-Ål skule.

Vi søkjer lærarar som brenn for å utvikle spennande og praksisnær undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap.  Vi treng lærarar som er gode på klasseleiing, relasjonsbygging og samarbeid, som har omsorg for elevane og skapar trygge gode klasse- og læringsmiljø der elevane trivst og lærer. 

Det er spesielt behov for lærarar med undervisningskompetanse i faga norsk, matematikk og engelsk.  Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg. Kontaktlærarfunksjon kan vera aktuelt.

 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
  • Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.

 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som

  • Brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane.
  • Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
  • Ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga.
  • Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.

Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.  

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

 

Vi tilbyr

  • Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
  • Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
  • Engasjerte og dyktige skuleleiarar.
  • Skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
  • To-lærarsystem ved fleire av skulane.
  • Miljørettleiarar ved skulane.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.

 

Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!

Velkomen som søkjar!

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 18.06.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Nedre Ål-skule

 

Kontaktpersonar:

Ellen Ellingsgard
tlf: 32085416
mob: 95898650

Sissel Skrindo
mob: 99287896

 

 

Heimeside:

www.aal.kommune.no

 

Adresse:

Sundrevegen 43-45 3570 ÅL

 

Ål kommune Nedre-Ål skule

Nedre-Ål skule er ei 1.-7. skule med 215 elevar. Kvart trinn har eit fast team av lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar/assistentar. Skulen har to-lærarsystem og miljørettleiarar. Vi har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg.

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Ellen Ellingsgard
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: 32 08 5416 mob: 958 98 650
  • Sissel Skrindo
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 992 87 896

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

Juni 18, 2025