
Barnevernkonsulent / saksbehandlar
Vil du vere med å gjere ein forskjell for de som treng det mest? Er du open, grundig og møter andre med respekt? Då er du den vi ser etter!
Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste som dekker alle seks kommunane i Hallingdal: Hol, Ål, Gol, Nes, Flå og Hemsedal. Me er ei stor teneste med 30 tilsette, og me jobbar i team. Me har god kompetanse og engasjement for dei barna, unge og familiar som treng hjelpa vår. Som nytilsett får du opplæring, fast rettleiing, gode faglege utviklingsmoglegheiter og moglegheit for kommunal bustad. Du får kollegaer som brenn for å gjera ein forskjell for barn, unge og familiar.
Me har no ledig 1 fast 100% stilling, og 1 vikariat i 100% stilling fram til 01.06.2026, med moleigheit for forlenging. Det er ønskjelig med oppstart snarast.
Generelle kvalifikasjonar:
- barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, gjerne med tilleggsutdanning
- gjerne erfaring frå barnevern
- erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
- god skriftleg framstillingsevne
- gode dataferdigheiter
Personlege eigenskapar blir vektlagt:
- evne til å arbeide grundig, sjølvstendig og systematisk
- gode refleksjonsevner
- å være ein god teamarbeider
- møte andre menneske med ei respektfull og open haldning
- trivst med å jobbe i høgt tempo
- positiv haldning og godt humør
Me kan tilby:
- eit spennande og proaktivt fagmiljø med fokus på framtidas barnevern
- godt arbeidsmiljø med mykje engasjement
- fleksibel arbeidstid
- fagleg utvikling og vekst
- pensjonsordning KLP
- hjelp til å finne bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Søknad og politiattest:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
For mer informasjon om oss, sjå vår eigen film om Hallingdal barnevernteneste: https://www.aal.kommune.no/siteassets/aal/skole-og-barnehage/barnevern/hallingdal-barnevernteneste_final-2.mp4
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 30.03.2025
Tiltreding: Snarast
Arbeidsstad: Hallingdal barnevernteneste
Kontaktpersonar:
Camilla Svanaasen Joranger
mob: +47 48957382
Ingunn Viko
mob: +47 90949628
Heimeside:
Adresse:
Torget 1 3570 ÅL
Ål kommune Oppvekstsektoren
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!