
Fagarbeidar / miljøarbeidar
Vi søkjer no ein fagarbeidar / miljøarbeidar i ein 100 % mellombels stilling til vår skule i Nordbygdene. Stillinga inneber arbeid med barn både i skulen og på skulefritidsordning (SFO).
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, evt anna relevant utdanning og/eller erfaring.
- Kompetanse og/eller erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som
- Har interesse for, og aller helst erfaring med arbeid med barn og unge.
- Har evne til å skape gode relasjonar til enkeltelevar, føresette og kollegaer.
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
- Kan vera både tydeleg og omsorgsfull i møte med elevane.
Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- Arbeidsplass med gode og utviklande arbeidsmiljø.
- Ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Vikariat
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 02.06.2025
Tiltreding: 01.08.25
Arbeidsstad: Nordbygdene skule
Kontaktpersonar:
Nordbygdvegen 950 3570 Ål