Ål kommune Oppvekstsektoren

Fagarbeidar / assistent / pedagogisk leiar

 

Ål kommune har faste og mellombelse stillingar som fagarbeidar / assistent og pedagogisk leiar i dei 5 ulike barnehagane våre. Oppstart frå dags dato eller 01.01.26, etter eiga ønskje.

Meir info om barnehagane finn du på våre heimesider.

Kvalifikasjonar fagarbeidar/assistent

Helst fagbrev som barn- og ungdomsarbeidar.

Kvalifikasjonar pedagogisk leiar

Utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning.
Ønskeleg med kompetanse innanfor spesialpedagogikk.

Personlege eigenskapar – både fagarbeidar/assistent og pedagogisk leiar

Vi vektlegg personlege eigenskapar og ynskjer deg som

Brenn for barnehageyrket og det beste for barna.
Trivst i lag med små barn.
Er utadvent og trygg på deg sjølv.
Beherskar det norske tale- og skrivemålet godt.
Er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt.
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Er fleksibel og løysingsorientert.
Bidreg fagleg og sosialt i personalgruppa.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr

Barnehagar med eit god fagleg miljø.
Personalgrupper som verdsett humor i kvardagen.
Meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer.
Pensjonsordning i KLP
Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.

Politiattest og søknad

Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

Søk på stillingane her.

Fylke: Buskerud

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 01.10.2025

Tiltreding: Snarast / 01.01.26

Arbeidsstad: Barnehagane i Ål

 

Kontaktpersonar:

Marie Bjørke

tlf: 47635450

 

Heimeside:
www.aal.kommune.no
Adresse: Torget 1 3570 ÅL

Ål kommune Oppvekstsektoren

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

 

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Marie Bjørke
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: 476 35 450

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

Oktober 1, 2025