100% fast stilling styrar barnehage frå ca. 16.06.25, p.t. Sundre barnehage

 

 

Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst. Sundre barnehage har 6 avdelingar, totalt 108 plassar og ca 34 årsverk. Sundre barnehage har assisterande styrar i 100% stilling.

Sundre barnehage har eit stort og variert uteområde, med eigen leirplass, potetåker og små grønnsakskasser. Nærmaste nabo er Ål skulepark som er eit tilrettelagt park- og aktivitetsområde med bl.a. hinderløype, klatrestativ og plass for ballaktivitet. Det er gangavstand til Ål kulturhus og til Ål Idrettspark på Bråta.

 

I Sundre barnehage

  • skal vi sjå på alle menneske som like verdifulle og møte kvarandre med varme, interesse og respekt. Dette gjeld i alle møter mellom barn-barn, barn-vaksen, vaksen-vaksen
  • skal gode møter mellom menneske hjelpe barna til å utvikle evna til å balansere individuelle behov opp mot gruppa sine behov
  • ser vi på leik som barnas viktigaste aktivitet, der mykje av barnas læringsprosessar skjer. Dei tilsette skal vere aktivt deltakande i leiken til barna
  • ynskjer vi ein kvardag der positivitet og glede står i fokus

 Les meir om barnehagen, oppvekstsektoren og Ål kommune på kommunen sine heimesider; www.aal.kommune.no/

 

Arbeidsoppgåver:

  • overordna ansvar for drift av barnehagen
  • personal-, fag- og økonomiansvar
  • vidareutvikle barnehagen
  • leie og utvikle det pedagogiske arbeidet
  • styrke samarbeidet på tvers av avdelingar og andre aktørar i kommunen
  • sikre godt samarbeid med føresette

 

Kvalifikasjonar:

  • pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • digital kompetanse

 

Ønskeleg:

  • leiarerfaring
  • vidareutdanning innan administrasjon
  • styrarutdanning

 

Personlege eigenskapar:
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Vi søkjer etter deg som

  • brenn for barnehageyrket og barnas beste
  • er innovativ, har evne til planlegging og gjennomføring, både på kort og lang sikt
  • er oppdatert innanfor barnehagefeltet
  • er resultat- og løysingsorientert
  • har god økonomisk forståing
  • har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid
  • er ein tydeleg, trygg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere, inkludere og inspirere til felles innsats
  • er raus, fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver
  • har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med barn, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
  • har god formidlingsevne muntleg og skriftleg

 Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

 

Vi tilbyr:

  • ein framtidsretta, variert og utfordrande jobb
  • eit solid og sterkt fagmiljø med gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar
  • eit godt etablert tverrfagleg samarbeid
  • eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen
  • leiarstøtte, stor tillit, ansvar og nødvendig mynde
  • moglegheit for vidareutdanning og leiarutvikling
  • god pensjonsordning
  • løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

 

Politiattest og søknad:

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

 

Søk her

 

Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 29.04.2025
Tiltreding: 16.06.2025
Arbeidsstad: Sundre Barnehage

 

Kontaktpersonar:

Sissel Skrindo
tlf: 99287896

 

Heimeside:

www.aal.kommune.no

 

Adresse:

Torget 1 3570 ÅL

 

Ål kommune Oppvekstsektoren

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Sissel Skrindo
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 992 87 896

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

April 29, 2025