
100% fast stilling som fagansvarleg for PP-tenesta i Ål kommune
Vi søker fagleg ansvarleg for PP-tenesta som vil bidra til å vidareutvikle kompetent, tilgjengeleg og førebyggjande teneste med fokus på tidleg innsats.
Ål kommune er opptatt av å tilby heilskaplege og tilgjengelege tenester til born, unge og deira familiar. Våre innbyggjarar skal oppleve at det er enkelt å ta kontakt, og at hjelpa blir godt koordinert uavhengig av korleis tenestene er organisert. PP-tenesta er organisert i Familiens hus i Ål, saman med helsestasjonstenester, psykisk helse for born og unge, ungdomslos, logoped og andre tenester. Vi samarbeider tett med avdeling Meistring, der blant anna fysioterapitenesta for born og unge samt KE er organisert. Målet er å tilby eit heilskapleg, lett tilgjengeleg og støttande tilbod som fremjar gode oppvekstvilkår.
Stillingsprosenten er 100 %, der 50 % vil vere fagleg ansvarleg og 50% er retta mot veiledning, kompetanseheving samt arbeid med profesjonsfelleskap internt og eksternt.
PP- tenesta er ein aktiv part i kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis i Hallingdal.
Ansvarsområde:
- Sikre at PPT er ei fagleg kompetent teneste med oppdatert kunnskap innan allmenn- og spesialpedagogikk, organisasjons- og kompetanseutvikling.
- Arbeide førebyggjande og legge vekt på tidleg innsats.
- Initiere og leie fagleg utviklingsarbeid i PP-tenesta.
- Vere ein pådrivar for gode samarbeidsrutinar med barnehagar og skular.
- Sikre heilskapleg samhandling rundt born og unge.
- Rettleie og støtte sakshandsamarane i system- og sakkyndigarbeid.
- God kjennskap til relevant lovverk.
- Følgje opp nytilsette.
- Inngå i leiarteamet i Familiens hus.
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning innan pedagogikk, spesialpedagogikk eller psykologi (minimum mastergrad).
- Erfaring frå PPT og det spesialpedagogiske feltet er ein fordel.
- Erfaring med utviklings- og endringsarbeid.
- Leiarerfaring og/eller leiarutdanning vil vere ein fordel.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein medarbeidar som er:
- Profesjonell, fleksibel og løysingsorientert.
- Positiv og engasjert.
- Strukturert og tydeleg.
- Evnar å sjå samanhengar og utvikle langsiktige planar.
- Har stor arbeidskapasitet og engasjement for brukargruppa.
- Har god relasjonskompetanse og samarbeidsevne.
Det blir lagt stor vekt på personleg eignaheit for stillinga.
Vi tilbyr:
- Positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
- Tilrettelagde og moderne lokalar.
- Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Høgt fagleg nivå og god fagdekking.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål.
- Rabattert pris på treningssenter.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Pensjonsordning i KLP.
Politiattest og søknad:
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 23.03.2025
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsstad: Ål kommune
Kontaktpersonar:
Ingeborg Kaslegard Frydenlund
mob: 908 65 602
Heimeside:
Adresse:
Sundrevegen 95 3570 Ål
Ål kommune Familiens hus
Familiens hus gir tenester til barn, ungdom og familiar. Vi er 22 tilsette. Familiens hus består av tenester i Helsestasjonen,jordmorteneste, Psykisk helse born og unge, Undomslos, FACT Ung- koordnator, logoped og PPT. Familiens hus arbeider tverrfagleg for å fremje trivsel og god fysisk og psykisk helse hjå born, unge og deira familiar, samt styrke born og unge sine oppvekstsvilkår. Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling.
Alle i tenesta jobbar i team. Me har høgt fagleg nivå og har eit tett og godt samarbeid med skulane og barnehagane og dei andre sektorane. Me er i ein spanande utviklingsprosess med mål om å vere ei teneste i tråd med anbefalingar i Meld. St & – Tett på- tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehage og skule. Kvar einaste dag gjer våre medarbeidarar i barnehage og skule ein stor innsats for å hjelpe våre barn til å nå sine drøymar og mål. Familiens hus er ein viktig del av laget rundt barnet og eleven.
Familiens hus er samlokalisert med Hallingdal barnevern sentralt i Ål.