
100% fast stilling lærar med funksjon som koordinator individuelt tilrettelagt undervisning
Frå 1. august -25 er det ledig 100% fast stilling, pt ved Nedre-Ål skule. Denne stillinga omfattar ca 60% funksjon som koordinator individuelt tilrettelagt undervisning, og ca 40% som lærar.
Nedre-Ål skule har engasjerte vaksne som er opptekne av leikbasert, aktiv læring, uteskule og smart bruk av digitale hjelpemiddel, og medarbeidarar som samarbeider om ein best mogleg skulekvardag for flest mogleg. Nedre-Ål skule er ei 1.-7. skule med 215 elevar. Kvart trinn har eit fast team av lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar/assistentar. Skulen har to-lærarsystem og miljørettleiarar.
Oppgåver er m.a.
- samarbeid med leiing om timeplanar knytt til individuelt tilrettelagt opplæring og bruk av pedagogiske ressursar
- ansvar for og oppfølging av årshjul knytta til tilrettelagt undervisning
- rettleiing
- kartleggingsarbeid
- deltaking i støtteteamet ved skulen
- deltaking i samarbeidsmøter
- deltaking i overgangsmøter (barnhage-skule/barneskule-ungdomsskule)
Kvalifikasjonar
- god og administrativ digital kompetanse
- ønskeleg med kompetanse innan spesialpedagogikk
- ønskeleg med kjennskap til Visma sikker sak
- godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3
- før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som:
- brenn for læraryrket og ønsker å bidra til god læring for elevane
- er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt er ryddig, har orden og struktur
- ser på leik som viktig og som ein god metode i undervisninga
- ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap
Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø
- rettleiing i to år for nyutdanna lærarar
- engasjerte og dyktige skuleleiarar
- skular som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- lønn etter gjeldande tariffavtale
- arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala
Politiattest og søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 03.03.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Nedre-Ål skule
Kontaktpersonar:
Ellen Ellingsgard
tlf: 320854016
mob: 95898650
Heimeside:
Adresse:
Sundrevegen 43-45 3570 ÅL
Ål kommune Nedre-Ål skule
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. «Betre læring» er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!