Fagarbeider/assistent

 

 

Kunne du tenkje deg å bidra til at barna i Kleppe friluftsbarnehage får ein inkluderande, lærande og kjekk kvardag?

Er du positiv og løysingsorientert, og trivst med at ingen arbeidsdagar er like?
Synest du det er spennande og kjekt å jobbe i barnehage, eller har du lyst til å lære meir om korleis det er å arbeide i barnehage? Då kan dette vere jobben for deg!
Kleppe friluftsbarnehage treng ein vikar i 100 % stilling fram til og med 13.08.2027. Oppstart så snart som mogleg og etter nærare avtale.

 

 

Søknadsfrist: 18.11.2026
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Stad: Kleppe
Stillingstittel: Fagarbeider/assistent
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5205948135
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 13.08.2027

 

 

Arbeidsoppgåver

Som vikar i Kleppe friluftsbarnehage er du ein del av barnehagen sitt team, og du vil arbeide tett saman med andre kollegaer med lang erfaring. Du skal bidra til at barna får ein trygg og lærerik kvardag i barnehagen vår, og at kvardagen deira er i tråd med barnehagelova og Rammeplanen. Dette vil du få høve til å lære meir om ved tilsetjing.

 

 

Kvalifikasjonar

  • Har du fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, er det ein fordel, men ikkje ei føresetnad.
  • Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere språkkompetanse på nivå B1 eller tilsvarande. Dette gjeld ikkje søkjarar som har eit skandinavisk språk som morsmål (jf. barnehagelova § 18 a).
  • Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram politiattest, jf. barnehagelova § 19. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd.

 

 

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, og vil vera med på å skapa/oppretthalda eit godt arbeidsmiljø 
  • Du er engasjert, løysningsorientert, målbevisst og framtidsretta 
  • Du er god til å arbeida både sjølvstendig og i team 
  • Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel 
  • Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv 
  • Du har fokus på nærvær 

 

 

Vi tilbyr

  • Klepp kommune har diverse velferdsordninger og gode pensjons- og forsikringsordninger. 
  • Ansettelse skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. 
  • Lønn i henhold til lokal lønnspolitikk 

 

 

Fredheimsvegen 18, 4350 Kleppe, Norge

 

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Cathrine Salte
Styrar
Telefon:+47 93055166

 

 

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Del stillingen

Selskap

Klepp kommune

Kontaktinfo

  • Cathrine Salte
  • Tittel: Styrar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 930 55 166

Lokasjon

  • Kleppe

Søknadsfrist

November 18, 2026