
Barnehagelærar 100% – Fast stilling – 2. gongs utlysning!
Vi har ledig 100% stilling som barnehagelærar i Treungen barnehage, i Nissedal. Dette er ei 100% fast stilling, og ledig fom. 4. januar.
Velkomen som søker hjå oss!
Søknadsfrist: 17.11.2026
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Stad: Treungen
Stillingstittel: Barnehagelærar 100% – fast stilling 2. gongs utlysning!
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5204160277
Arbeidsoppgåver
Som barnehagelærar har du ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen for barnehagens innhold og oppgåver. Du vil bidra til å utvikle og oppretthalde eit godt foreldresamarbeid, og vere ein tydelig rollemodell for barna. I tillegg vil du jobbe i team, både i leiarteam med andre pedagogar, men og med dyktige kollegaer på avdelinga.
Oppgåver jamfør stillingsomtale for barnehagelærar i Nissedal kommune.
Kvalifikasjonar
– Kvalifikasjonskrav:
– Barnehagelærar eller tilsvarande pedagogisk utdanning
– Gode faglege kunnskaper og interesse for fagleg utviklingsarbeid
– Samarbeidsevne og fleksibilitet
– Omstillingsevne
– Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen
Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert dersom det ikkje melder seg søkjarar i målgruppa.
Personlege eigenskapar
- Samarbeidsevne og fleksibilitet
- Omstillingsevne
- Raushet
- Positiv
- Engasjement
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen.
Vi tilbyr
- Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- Spennande arbeidsoppgåver med fastsette stillingsomtalar
- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
Anna:
Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk.
Dersom interne tilsetjingar, kan andre stillingar bli ledig.
Sollivegen 27, 3855 Treungen, Norge
Kontaktinformasjon
Natalie Zernichow Fjalestad
Styrar Treungen barnehage
Telefon:+47 47 62 92 75
Nissedal – der gode liv levast
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

