
Utdanningsleiar Grøne og gastronomiske utdanningar ved Studiestad Hjeltnes
Søknadsfrist: 04.11.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Utdanningsleiar Grøne og gastronomiske utdanningar ved Studiestad Hjeltnes
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5198172551
Med om lag 2200 studentar er Fagskulen Vestland ein av landets største fagskular.
Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse
Avdelinga held til i tradisjonsrike lokalar i Ulvik der det har vore skuledrift i meir enn 100 år. Avdelinga er i god vekst og har utvikla studiar som er verdsleiande innan sine fagfelt.
Stillinga inneheld ein 50% stilling som utdanningsleiar og 50 % stilling undervisning innan aktuelle fagområde . Aktuelle fag kan vere Pommelier, Frukt og bær, Lokal matkultur og Arborist.
Utdanningsleiar inngår rektor si leiargruppe og har medansvar for utvikling av Fagskulen Vestland i samsvar med strategi, målsetjingar og verdigrunnlag for Fagskulen Vestland og Vestland fylkeskommune. Stillinga rapporterer til Prorektor utdanning og samhandling.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for Fagskulen Vestland
utvikle nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivet - Videreutvikle ein god KS kultur ved eininga- delta på ulike revisjonar
- Sikre eit trygt og godt læringsmiljø og god medverknad frå studentane
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
- Delta aktivit i leiargruppa og bidra til at vi vert eit samla og effektivt team
- Leie strategi- og utviklingsprosessar
- Leie avdelinga sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
- Personalleiing
- Videreutvikle kontakt med næringsaktørane innan dei maritime faga
- Legge til rette for digitalisering og nyskaping i utdanningane
- Delta i nasjonale fora som er relevante for stillinga
- Økonomistyring
Vi ser etter deg som kan og har
- har gode leiareigenskapar og relevant høgare utdanning for stillinga. . Leiarerfaring frå utdanningsinstitusjoner vil bli vektlagt
- set studentane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
- byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som søkjer vidare utvikling
- vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling
- har god kjennskap til utdanningsområda og relevant erfaring frå arbeidslivet knytt til fagområdet er ein føremon
- markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon innan fagområda
- opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører Fagskulestyret, politiske og administrative vedtak
- har erfaring frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
- forståing for god økonomistyringhar gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande
Vi tilbyr
Fagskulen Vestland legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom Prorektor og utdanningsleiar. Du vil få:
- eit givande arbeid med studentar ved Fagskulen Vestland i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, sjår kvarandre og bidreg til fellesskapet
- deltaking og fellesskap i rektor sin leiargruppe
- løn etter avtale
- Moglegheit for etter og vidareutdanning
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Torbjørn Mjelstad
rektor
Telefon:97142081
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

