Kantor i Spjelkavik kyrkjelyd – 100 % fast stilling

 

 

 

Vil du vere med og utvikle kyrkjemusikken i ein aktiv kyrkjelyd? Vi søkjer ein kantor som trivst med både gudstenester, korarbeid og samarbeid med tilsette og frivillige.
Om oss

Spjelkavik kyrkjelyd ligg sentralt i Ålesund og har eit variert arbeid innan gudstenesteliv, trusopplæring, diakoni og kultur. Musikk har ein viktig plass i kyrkjelyden. Vi har mellom anna kyrkjekor, ein aktiv korskule og eit kulturutval som arbeider med konsertar og andre arrangement.

Du blir del av ein tverrfagleg stab som ønskjer å utvikle arbeidet saman. Arbeidsstaden er i hovudsak Spjelkavik kyrkje, ei moderne arbeidskyrkje med gode lokale, Petrof-flygel frå 2012 og eit Markussen-orgel med 26 stemmer frå 1992.

Kyrkjelyden har også gudstenester på Hatlehol, der frivillige musikarar og band i hovudsak står for musikken. Kantorens faste teneste er knytt til Spjelkavik kyrkje.

 

 

Søknadsfrist: 31.10.2026
Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Kantor i Spjelkavik kyrkjelyd – 100 % fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5186314911

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Spele ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
  • Planleggje musikken til gudstenester i samarbeid med prest og andre medverkande.
  • Utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet saman med stab og frivillige.
  • Leie Spjelkavik kyrkjekor.
  • Akkompagnere barnekoret, som har eigen dirigent.
  • Bidra til konsertar, kulturarrangement og anna musikkarbeid i kyrkjelyden.
  • Delta i stabsfellesskapet i Spjelkavik og det kyrkjemusikalske fagfellesskapet i Ålesund kyrkjelege fellesråd.

Tenesteordninga for kantorar ligg til grunn for stillinga. Arbeidsoppgåvene kan tilpassast kvalifikasjonane og interessene til den som blir tilsett.

 

 

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som har kyrkjemusikalsk utdanning i samsvar med tenesteordninga for kantorar, og som har gode ferdigheiter på orgel og piano. Du samarbeider godt med andre, tek initiativ og ønskjer å bidra til eit levande og mangfaldig musikkliv i kyrkja. Erfaring med korleiing er ein fordel.

Studentar som er i gang med kantorutdanninga, blir òg oppmoda om å søkje.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar som oppfyller kvalifikasjonskrava til kantor, kan tilsetjing som organist vere aktuelt.

Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

 

 

Vi tilbyr

  • Ei variert stilling med rom for fagleg utvikling og påverknad.
  • Stor grad av autonomi og sjølvstende i arbeidet.
  • Engasjerte kollegaer og godt samarbeid på tvers av fag.
  • Gode instrument og lokale.
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i KA.

 

 

Andre opplysningar

Den som blir tilsett, må vere medlem av Den norske kyrkja. Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Det blir lagt opp til prøvespel i samband med intervju.

Stillinga har hovudsakleg arbeidsstad i Spjelkavik kyrkje. Tenestegjering andre stader i fellesrådsområdet kan vere aktuelt i avgrensa omfang.

Tiltreding så snart som mogleg, etter avtale.

 

 

Vestmoa 20, 6018 Ålesund, Norge

 

 

 

 

Søk her

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Astrid Josefine Eide
dagleg leiar Spjelkavik sokn
Telefon:48 21 21 11

 

 

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund 65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

Del stillingen

Selskap

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Astrid Josefine Eide
  • Tittel: Dagleg leiar Spjelkavik sokn
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 48 21 21 11

Lokasjon

  • Ålesund

Søknadsfrist

Oktober 31, 2026