Studiekoordinator Etter- og videreutdanning

 

 

 

Fagskulen Vestland søkjer ein strukturert og serviceinnstilt studiekoordinator til avdeling for etter- og vidareutdanning (EVU). Vi ser etter deg som trivst med koordinering, planlegging og administrativ oppfølging, og som ønskjer å bidra til at studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar opplever høg kvalitet gjennom heile studieløpet.  

Som studiekoordinator vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av EVU-tilboda våre. Du vil arbeide tett saman med EVU-teamet, fagmiljø og samarbeidspartnarar, og vere eit viktig kontaktpunkt for studentane. Arbeidskvardagen er variert og krev god struktur, høg gjennomføringsevne og evne til å handtere fleire oppgåver samstundes. 

Du blir ein del av eit engasjert og utviklingsorientert miljø som arbeider for å møte kompetansebehova i arbeidslivet gjennom fleksible og relevante utdanningstilbod. EVU-avdelinga er plassert i Førde, men utviklar og leverer studietilbod i heile Vestland fylke, på tvers av alle studiestadane i Fagskulen Vestland.  

 

Om Fagskulen Vestland 

Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Vi har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids og læringsmiljø.  

Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.  

 

 

Søknadsfrist: 05.10.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Studiekoordinator Etter- og videreutdanning
Stillingar: 2
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Anna
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5181643771
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.12.2027

 

 

Arbeidsoppgåver

  • koordinere planlegging, gjennomføring og oppfølging av EVU-tilbod 
  • administrere opptak, studentoppfølging, undervisning, eksamen og avslutning av studium 
  • produsere og oppdatere innhald til nettsider og ulike informasjonskanalar 
  • rettleie studentar og andre i bruk av Fagskulen Vestland sine IT-system 
  • vere kontaktpunkt for studentar, faglærarar og samarbeidspartnarar gjennom studieløpet 
  • arbeide i system som Visma InSchool, Wiseflow, Elements og Microsoft 365 
  • rettleie studentar og søkjarar i spørsmål knytt til studium, opptak og regelverk  
  • handtere postmottak og bidra til god informasjonsflyt internt og eksternt  
  • bidra til rapportering, kvalitetsarbeid og administrativ oppfølging av studietilboda  
  • delta i utvikling og forbetring av rutinar, arbeidsprosessar og digitale løysingar  
  • utføre andre relevante oppgåver etter behov  

 

 

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning (fagbrev, generell studiekompetanse, høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning)   
  • relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning  
  • erfaring frå studieadministrasjon, kundeservice eller anna administrativt arbeid  
  • erfaring frå utdanningssektoren eller offentleg forvaltning er ein fordel  
  • god digital kompetanse  
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk  

 

 

 

Personlege eigenskapar

  • er serviceinnstilt, imøtekomande og oppteken av å skape gode opplevingar for studentar og samarbeidspartnarar  
  • arbeider strukturert, nøyaktig og systematisk  
  • har god evne til å planleggje, koordinere og følgje opp oppgåver  
  • trivst med fleire parallelle arbeidsoppgåver og høgt aktivitetsnivå i periodar  
  • tek ansvar, arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar  
  • samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø  
  • er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til gode rutinar og kontinuerleg forbetring  

 

 

Vi tilbyr

  • gode moglegheiter for fagleg utvikling 
  • løn etter avtale/løn etter tariff i kommunal sektor 
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar   
  • stillinga er eit engasjement med moglegheit til forlenging

 

 

 

Øyrane 12, 6800 Førde, Norge

 

 

 

 

Søk her

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Eilert Årseth
ass. rektor
Telefon:47059233

 

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Eilert Årseth
  • Tittel: Ass. rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 470 59 233

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

Oktober 5, 2026