Voss herad

Voss herad – Er du vår nye kollega innan avløp og reinseteknologi?

Driftsoperatør reinseanlegg – 100 % fast stilling

 

Vil du jobbe med teknologi, miljø og eit viktig samfunnsoppdrag?

Voss herad søkjer ein engasjert og løysingsorientert driftsoperatør til avløpssektoren. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med ansvar for drift av reinseanlegget som bidreg til eit reinare vassmiljø og ei berekraftig samfunnsutvikling.

Stillinga har hovudarbeidsstad ved Voss reinseanlegg, som er dimensjonert for om lag 20 000 personekvivalentar. I tillegg har avdelinga ansvar for drift og oppfølging av sju mindre reinseanlegg rundt om i kommunen.

Som driftsoperatør vert du ein del av eit kompetent fagmiljø som arbeider med avanserte prosessar, tekniske løysingar og kontinuerleg utvikling av avløpsinfrastrukturen i kommunen.

Ver med og bygg framtidas reinseanlegg
Dei neste åra skal Voss herad gjennomføre eit av sine største VA-prosjekt – bygginga av nytt reinseanlegg i Myrkdalen. Anlegget er planlagt ferdigstilt i 2028 og skal møte framtidige krav til reinseeffekt, driftstryggleik og miljø.

Som driftsoperatør får du ei unik moglegheit til å bidra med praktisk driftserfaring og faglege innspel gjennom planleggings- og byggefasen, og seinare vere med på å forme drifta av eit nytt og moderne reinseanlegg.

Arbeidsoppgåver

Dagleg drift og tilsyn ved Voss reinseanlegg og dei mindre reinseanlegga i kommunen
Overvaking og oppfølging av reinseprosessar
Drift og bruk av driftskontrollsystem (SCADA)
Feilsøking og optimalisering av prosessar
Vedlikehald av prosessutstyr, pumper og tekniske installasjonar
Prøvetaking, dokumentasjon og rapportering
Deltaking i utviklings- og investeringsprosjekt
Bidra til eit godt HMS-arbeid
Deltaking i vaktordning etter gjeldande planar

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som har:

Fagbrev eller relevant utdanning innan eitt eller fleire av desse fagområda:

Prosessfag
Kjemiprosess
Automatisering
Elektro/automasjon
Røyrleggjar- eller industrirøyrleggarfaget
Andre relevante tekniske fagområde
Erfaring frå reinseanlegg, prosessindustri, VA-sektoren eller anna teknisk drift er ein fordel
Førarkort klasse B
Relevant erfaring kan kompensera for manglande formalkompetanse.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

Har interesse for tekniske anlegg og prosessdrift
Arbeider strukturert og tek eigarskap til oppgåvene dine
Er løysingsorientert og praktisk lagt
Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med kollegaer
Kan arbeide både sjølvstendig og i team
Har digital kompetanse og interesse for moderne driftsverktøy

Kvifor velje Voss herad?

Du får moglegheit til å arbeide med samfunnskritisk infrastruktur, bidra til eit betre miljø og vere med på spennande utviklingsprosjekt.

Hjå oss får du:

Ei meiningsfull stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
Ein variert arbeidskvardag med moderne teknologi og faglege utfordringar
Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
Deltaking i vaktordning med godtgjersle etter gjeldande avtalar
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Klar for å gjere ein forskjell?
Vil du vere med og sikre reint vatn, eit betre miljø og framtidsretta løysingar for innbyggjarane i Voss herad? Då håpar vi å høyre frå deg.

Søknad

Voss herad ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og inkludering. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søk via søknadsportalen og legg ved relevante attestar, vitnemål og referansar. I samsvar med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar verte offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste.

 

Søk på stillingen her.

 

Referansenummer: 520889194

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 13.09.2026

Tiltreding: Etter avtale

Arbeidsstad: Voss herad

 

Kontaktpersonar:

 

Anders Rykke

Stilling: Leiar Reinseanlegg

tlf: 95905597  mob: 95905597

E-post: anders.rykke@voss.herad.no

 

Sondre Gjøstein

Stilling: Leiar driftsavdelinga

tlf: +47 954 90 337

E-post: sondre.gjostein@voss.herad.no

 

Heimeside:
voss.herad.no/
Adresse: Uttrågata 5705 VOSS

Voss herad

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell – påliteleg – skapande – inkluderande

 

Del stillingen

Selskap

Voss kommune

Lenke til firma

https://voss.herad.no/

Kontaktinfo

  • Anders Rykke
  • Tittel: Leiar Reinseanlegg
  • E-Post: anders.rykke@voss.herad.no
  • Mobil/Tlf: tlf: 95905597 mob: 95905597
  • Sondre Gjøstein
  • Tittel: Leiar driftsavdelinga
  • E-Post: sondre.gjostein@voss.herad.no
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 954 90 337

Lokasjon

  • Voss

Søknadsfrist

September 13, 2026