Helsefagarbeidar 100% fast stilling

 

 

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!

Ved Bukollektiva, Molværsvegen 17, har vi ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar grunna interne omrokkeringar. Arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Er du ein helsefagarbeidar som ønskjer å arbeide kunnskapsbasert, systematisk og personsentrert i demensomsorga? Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle di faglege kompetanse i eit miljø med høg kvalitet og faglege ambisjonar.
Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dager for våre bebuarar med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.

Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!

Søknadsfrist 10. august 2026, tiltredelse etter avtale.

 

 

Arbeidsgivar: Sula kommune
Stad: Langevåg
Stillingstittel: Helsefagarbeidar 100% fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5148039333

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre systematisk pleie og miljøterapeutiske tiltak  
  • Kartleggje funksjonsnivå, åtferd og behov ved bruk av faglege verktøy    
  • Bidra til struktur, forutsigbarheit og tryggleik for bebuarar med demens    
  • Delta i faglege drøftingar, refleksjon og kontinuerleg kvalitetsforbetring    
  • Dokumentere i tråd med lovverk, faglege standardar og interne rutinar    
  • Samarbeide tett med sjukepleiarar, vernepleiarar og anna fagpersonell   
  • Praktisk hjelp    
  • Primærpleie    
  • Medisinhandtering    
  • Nært samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar   
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel     
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad    
  • Kjennskap til personsentrert omsorg, miljøbehandling og åtferdsforståing    
  • Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon   
  • Gode datakunnskaper    
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

 

 

Personlege eigenskapar

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for demensomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.

Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

 

 

Vi tilbyr

  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer    
  • God opplæring og nærleiing     
  • Mentor-ordning ved oppstart  
  • Fokus på demensomsorg og fagleg utvikling    
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper    
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver    
  • Gratis parkering    
  • Tillegg for relevant vidareutdanning   
  • I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,-  som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.  

Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

 

Molværsvegen 17, 6030 Langevåg, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Catharina Klokk Eide
Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19
 Telefon:48074239
E-post:Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no

Cecilie Ørjasæter
Einingsleiar
 Telefon:91596764
E-post:Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no

 

Bukollektiv for personer med demens-sjukdom. Målet er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnader og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg. Det er nært samarbeid med pårørande.

Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg. Personalet består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Nokre ansatte har vidareutdanning innan sjukdomen demens.

Instagram

Facebook

Del stillingen

Selskap

Sula kommune

Kontaktinfo

  • Catharina Klokk Eide
  • Tittel: Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 480 74 239
  • Cecilie Ørjasæter Einingsleiar
  • Tittel: 915 96 764
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no

Lokasjon

  • Sula

Søknadsfrist

August 10, 2026