Header  Hurtigbåt 2

 

 

Næringssjef

 

 

Sula kommune og Sula Næringsforeining søkjer næringssjef (100 % stilling)

Sula er ein kommune med sterke røter, ein sterk frivillig sektor og eit mangfaldig næringsliv. Vi har vilje til å lykkast saman i arbeidet med å skape eit vekstkraftig og attraktivt samfunn. No tek vi neste steg.

Sula kommune har vedteke ein offensiv samfunnsplan og ein godt forankra næringsstrategi, der tett samspel mellom kommune, næringsliv og frivilligheit er ein føresetnad for ei berekraftig og attraktiv samfunnsutvikling. Reetableringa av Sula Næringsforeining har allereie gitt positive resultat, og no treng vi deg som vil samle trådane, skape fart og gjere strategi om til handling.
Eit breitt samansett næringsteam på tvers av kommune, frivilligheit og næringsliv har starta arbeidet med handlingsplan for 2026. No ønskjer vi å styrke laget med ein næringssjef som kan vere motoren i dette arbeidet.

Om stillinga
Vi lyser no ut ei nyoppretta 100 % stilling som næringssjef i eit tett og forpliktande samarbeid mellom Sula kommune og Sula Næringsforeining. Dette er ei nøkkelrolle for deg som trivst i skjæringspunktet mellom offentleg forvaltning, næringsliv, kultur og frivillig sektor og som får energi av å bygge relasjonar og skape resultat saman med andre.

 

 

Søknadsfrist: 16.08.2026
Arbeidsgivar: Sula kommune
Stad: Langevåg
Stillingstittel: Næringssjef
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5078911708

 

 

Arbeidsoppgåver

Som næringssjef vil du mellom anna:
*Vere ein tydeleg kontakt- og koordineringsfunksjon mellom kommune, næringsliv, kultur og frivilligheit.
*Ha ansvar for å koordinere arbeidet i Sula Næringsforening og fungere som dagleg leiar for foreninga.
*Ha overordna ansvar for Hoppid-ordninga i Sula kommune og bidra til gode rammevilkår for gründerar og etablerarar.
*Følgje opp og bidra til gjennomføring av vedteken næringsstrategi.
*Legge til rette for møteplassar, prosjekt og felles initiativ.
*Arbeide aktivt med søknader om eksterne tilskots- og støtteordningar.
*Synleggjere næringslivet i Sula – både internt i kommunen og eksternt.

 

 

Kven ser vi etter?

Vi ser etter ein relasjonsbygger og pådrivar som;
-Har relevant høgare utdanning og/eller solid erfaring frå næringsutvikling, prosjektleiing eller samfunnsutvikling.
-Har god forståing for samspel mellom offentleg sektor, næringsliv og frivilligheit.
-Jobbar strukturert, sjølvstendig og samstundes inkluderande.
-Kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg.
-Har gjennomføringsevne og lyst til å skape noko saman med andre.
-Personlege eigenskapar vil vektleggast.

 

Kvifor Sula?

Du får vere med og forme ei heilt sentral satsing i kommunen.
Du får stor påverknad og høve til å sette retning for samfunns- og næringsutviklinga i Sula.
Du blir del av eit sterkt fagleg og engasjert nettverk på tvers av kommune, næringsliv og frivilligheit.
Stillinga er økonomisk forankra gjennom samarbeid og spleiselag med Sula Næringsforeining.
Dette er ei fri og sjølvstendig stilling med stor grad av tillit, handlingsrom og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.
Du blir del av ein kommune som satsar offensivt på utvikling, samhandling og framtidsretta løysingar.

 

 

Vi tilbyr

-Lønn etter avtale
-Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
-Ei fri og sjølvstendig stilling med stort ansvar og stort handlingsrom
-Fleksibilitet og høg grad av tillit i utøvinga av rolla

Sula kommune satsar på samhandling som virkemiddel for utvikling. Vilje til å lykkast saman er vårt mantra og vårt fortrinn. Vi trur at dei beste løysingane blir skapte i fellesskap – mellom kommune, næringsliv, frivilligheit og innbyggarar. 

No inviterer vi deg til å vere med på laget.

Vil du vere med og utvikle Sula som ein endå meir attraktiv kommune å bu, besøke, drive næring og skape i?  Då håpar vi å høyre frå deg

 

 

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg, Norge

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Bente Glomset Vikhagen
Kommunedirektør
 Telefon:+47 95022878

Turid Humlen
Ordførar
 Telefon:+47 91184737

Øyvind Vebenstad
Styreleiar i Sula næringsforening
 Telefon:+47 48140690

 

Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv. Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder. Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum. Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.

 

Kommunen praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Det betyr at ein som søkar må grunngje kvifor ein eventuelt ber om unntatt offentlegheit. Grunngjevinga vert vurdert opp mot reglane i Offentlegheitslova. Søkarar som ber om unntatt offenentlegheit vil verte kontakta.

 

Meir informasjon om Sula kommune her

Del stillingen

Selskap

Sula kommune

Kontaktinfo

  • Bente Glomset Vikhagen
  • Tittel: Kommunedirektør
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 950 22 878
  • Turid Humlen
  • Tittel: Ordførar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 911 84 737
  • Øyvind Vebenstad
  • Tittel: Styreleiar i Sula næringsforening
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 481 40 690

Lokasjon

  • Sula

Søknadsfrist

August 16, 2026