
Kyrkjeverje/Dagleg leiar – bindeleddet mellom lokalkyrkja og kommunen
- Tokke Kyrkjelege Fellesråd
- Storvegen 60, 3880 Dalen
Om jobben
Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar.
Kyrkjeverja har ansvaret for 6 tilsette og forvaltaransvar for 5 kyrkjer og gravplassar i dei to sokna som høyrer til fellesrådsområdet som er likt med grensene for Tokke kommune. Nynorsk er administrasjonsspråket.
Oppstart: 1. oktober 2026
Stillingstittel: Kirkeverge
Type ansettelse: Fast, heltid 100%
Arbeidstid: Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. juli
Send søknad til: [email protected]
Hva vi ser etter
Kyrkjeverja vår har fått ny jobb etter 13 år og vi ser difor etter ein positiv og initiativrik person til å overta stillinga som kyrkjeverge. Det er ein fordel med med kjennskap til kyrkjeleg verksemd i denne stillinga.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar i tillegg til engasjement og samarbeidsevne. Du må være medlem av Den norske kyrkja, ha førarkort og disponere eigen bil.
Tokke kommune er i hjertet av Telemark, med fantastisk klima og natur. Ein kommune kjent for levande grender, Bandakkanalen og Dalen hotel. Det er viaregåande skule på Dalen, hyggelige boligpriser, aktiv kulturskule, mange tilbod for dei som er glade i jakt og fiske, idrettstilbod både sumar og vinter.
Fellesrådet har sunn økonomi og eit godt samarbeid med kommunen. Eit samarbeid som det vert viktig å halde vedlike. I tillegg til rammeoverføring drift og investering har fellesrådet ein tenesteytingsavtale med kommunen der kommunen syter for rekneskap, lønskjøyring, kontor, server, sentrabord officepakke, IT-tenester, samt verkstedlokaler for gravplassforvaltninga.
Du må ha gyldig politiattest.
CV og referanser sendes sammen med søknaden, gjerne også attester fra dine forrige arbeidsforhold.
Arbeidsoppgaver
- Drift av kyrkjekontoret’
- Ansvar for drift og forvalting av kyrkjebygg og gravplassar, herunder internkontroll og HMS
- Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet med unntak av soknepresten
- Økonomistyring, løn og rekneskap
- Sakshandsamar for Kyrkjeleg fellesråd
- Bindeledd mellom stab og fellesråd
- Bindeledd mellom fellesråd og sokneråd
- Bindeledd mellom fellesråd og kommunens administrasjon og politiske partier
- Samarbeid med prestetenesta
Vi tilbyr
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
Gode kontorlokalar i kommunens rådhus
Pensjonsordning gjennom KLP
Tilsetting og løn etter KA sitt avtaleverk
Kontaktperson for stillingen
Gunnar Øverland
Leiar av fellesrådet
971 01 830
[email protected]
Om bedriften
Tokke kyrkjeleg fellesråd har 7 tilsette, 5,55 årsverk, mellom anna er fellesrådet vertsfellesråd for ei felles diakonstilling saman med 4 andre kyrkjelege einingar og Agder og Telemark bispedøme.
Fellesrådet har driftsansvaret for ei stavkyrkje og fire listeførte soknekyrkjer, i tillegg til fem gravplassar i kommunen.
Stavkyrkja er frå 1140 og dei andre kyrkjebygga er frå 1747-1839. Det er felles kyrkjekontor på Dalen for sokna si verksemd og det er ein verkstad m/lager for gravplassverksemda for gravplassverksemda lokalisert på Dalen som er administrasjonsenter i Tokke kommune.
Det er fleire større investeringsprosjekt på gang og ein må rekne med at dette har høg prioritert i verksemda framover.
Kommunen har ca. 2250 innbyggere, ca. 71% er medlemmer av Dnk.
Sektor: Privat
Nettsted: https://kyrkja.tokke.no/

