
Ledig lærarstilling på elektro og automatisering
Likar du å jobbe med ungdom, og er du oppteken av kunnskap og kompetanse?
Trivst du i eit tverrfaglig opplæringsmiljø?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Skulen har 170 tilsette som kvar dag legg til rette for læring og vekst for alle våre 860 elevar. No treng vi lærarar på elektro og automatisering.
Vi har eit godt samarbeid med næringslivet som tar imot våre elever som er kvalifisert til læreplass etter fullført vg2!
Søknadsfrist: 08.07.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Faglærer i elektrofag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5149459704
Startdato: 01.08.2026
Arbeidsoppgåver
Faglærar elektrofag og automatiseringsfag
Planleggja, gjennomføra undervisning i klasserom og på verkstad.
Gjennomføre undervisning i tråd med læreplanar i faga
Vurderingsarbeid
Tverrfaglig arbeid og medvirke til pedagogisk utviklingsarbeid ved avdelinga og skulen.
Tett samarbeid med nærlingslivet for å skape gode opplæringsarenaer for elevane og trygg overgang til arbeidslivet.
Kontaklærarfunksjon kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Du har minimum fagbrev og relevant arbeidserfaring innanfor elektro og datateknologi, elenergi og ekom eller automatisering
Du har gjerne teknisk fagskule eller ingeniørutdanning.
Det er ønskjeleg med undervisningserfaring.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dette kan takast som etterutdanning.
Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Du har god digital kompetanse.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Personlege eigenskapar
Likar å arbeide med ungdom og oppteke av deira utvikling og læring
Kombinerer faglig dyktighet med gode relasjonelle evner for å utøve tydeleg klasseleiing.
Vere ein tydeleg vaksen og god gjennomføringsevne
Gode samarbeidsevner og evner å jobbe tverrfagleg
Fleksibel, løysingsorientert og tolmodig i arbeidet med den enkelte elevs faglige og personlige utvikling
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
- Mentorordning for deg som er ny i skulen
Kontaktinformasjon
Ulrik Schütz
rektor
Telefon:90604879
Rune Nesse
avdelingsleiar
Telefon:95155288
E-post:[email protected]
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

