Seniorrådgiver – strategisk samarbeid, samfunnskontakt og regional utvikling- To årig prosjektstilling

 

 

 

Korleis byggjer vi sterkare forbindelsar mellom utdanning, arbeidsliv og samfunn

Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Vi utdannar mellom anna morgondagens fagspesialistar, prosjektleiarar og mellomleiarar innan viktige samfunns- og næringsområde. Fagskulen har åtte studiestader frå Måløy i nord til Stord i sør, om lag 200 tilsette og eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Gjennom tett samarbeid med arbeidslivet utviklar vi framtidsretta utdanningar som møter kompetansebehova i regionen og samfunnet.
Fagskolen Vestland står i ei tid der kompetanseutvikling, omstilling og livslang læring blir stadig viktigare. Samfunnet står overfor store endringar knytt til teknologiutvikling, det grøne skiftet, demografi og tilgang på rett kompetanse. Skal vi lukkast, krev det meir enn gode utdanningstilbod. Det krev samarbeid, tillit, felles retning og evne til å samle aktørar rundt felles mål.

Vi er på jakt etter ein seniorrådgivar som skal bidra til å styrkje Fagskulen Vestland si rolle som ein sentral kompetanseaktør, samfunnsutviklar og samarbeidspartnar regionalt og nasjonalt. Vi skal vere det verdiskapande arbeidslivet sitt førsteval når det gjeld kompetanseheving.
Om du er interessert i disse områda så er dette stillinga for deg. Stillinga er nyoppretta og er i fyste omgong ein prosjektstilling over to år. Den som vert tilsett vil i stor grad vere med å utforme stillinga.

 

 

Søknadsfrist: 19.07.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Seniorrådgiver – strategisk samarbeid, samfunnskontakt og regional utvikling
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Anna
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5145968485

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Vi ser for oss at nokon av dine bidrag vil gå inn mot følgjande:
  • Utvikle og følgje opp Fagskulen Vestland sitt strategiske samarbeid og partnerskap
  • Bidra til strategisk kommunikasjon og samfunnskontakt
  • Styrkje dialogen mellom Fagskulen Vestland og arbeidslivet
  • Bidra til å synleggjere fagskulen si rolle og betydning regionalt og nasjonalt
    koordinere kontakt og samarbeid med kommunar, fylkeskommune, statlege aktørar, næringsliv og kompetansemiljø
  • Representere Fagskulen Vestland i relevante nettverk, møteplassar og samarbeidsarenaer
  • Utarbeide analyser, notat, saksframlegg og beslutningsgrunnlag for leiinga

 

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning på masternivå innan relevante fagområde – gjerne pedagogisk kompetanse
  • Du har dokumentert erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Du har dokumentert erfaring med å byggje opp varige samarbeidsstrukturar
  • Du har god kjennskap til Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring
  • Du har god kjennskap til politiske prosessar og evnar å fange og følgje opp nasjonale og regionale styringssignal
  • Du har god kjennskap til utdanningsektoren utover grunnutdanninga- Høgare yrkesfagleg utdanning og Universitet og høgskuleutdanning

 

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein person som forstår korleis langsiktig utviklingsarbeid skjer i praksis.
  • Du må kunne byggje tillit mellom aktørar med ulike interesser, skape oppslutning om felles mål og bidra til at samarbeid utviklar seg til varige strukturar og konkrete resultat
  • du er analytisk og strukturert
  • du er god til å sjå heilskap og samanhengar
  • du arbeider sjølvstendig og tek initiativ
  • du trivst med å arbeide på tvers av fagmiljø og organisasjonar

 

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • løn etter avtale
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

 

 

Haugeveien 28, 5005 Bergen, Norge

 

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Torbjørn Mjelstad
rektor
 Telefon:97142081

 

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Torbjørn Mjelstad
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 971 42 081

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

Juli 19, 2026