Vikariat som fagarbeidar innan tilrettelagt opplæring

 

 

 

Skulen har ledig 100 % vikariat i stilling som miljøarbeidar f.o.m. 01.08.26 – 31.01.27

Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan TAF/YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring.
Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no.
Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.

Fagarbeidar skal arbeida i mindre grupper og 1:1, i samarbeid med fleire fagarbeidarar og lærarar. Stillinga er knytt til avdeling for tilrettelagt opplæring, HTA/HTH og ordinære klassar.

 

 

Søknadsfrist: 05.07.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Vikariat som fagarbeidar innan tilrettelagt opplæring
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5145994738

 

 

Arbeidsoppgåver

Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:

  • deltek i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga
  • samarbeider med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom
  • hjelper elevar med ulike former for tilretteleggingsbehov i skulekvardagen
  • hjelper ev. til i samband med reise til og frå skule, og under ev. arbeidsutplassering i verksemd

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har fagbrev og erfaring frå arbeid retta mot ungdom med ulike utfordringar. Relevante fagbrev innan skulen sine utdanningstilbod, eller anna helsefagleg bakgrunn, kan vere ønskeleg. 

Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. 

Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule. 

 

 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Vi ønsker at du: 

  • har særskild interesse for, og kommuniserer godt med, elevar med særskilte behov og læringsutfordringarer
  • samarbeider godt i team med føresette og kollegaer
  • er trygg, tydeleg og inkluderande
  • er initiativrik
  • deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
  • meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver

 

 

Vi tilbyr

  • eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom
  • eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

 

 

 

 

 

 

Søk her

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Lene Tveit
 Telefon:93853301

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Lene Tveit
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 938 53 301

Lokasjon

  • Eikelandsosen

Søknadsfrist

Juli 5, 2026