Kantor / kyrkjemusikar

 

 

Vaksdal kyrkjelege fellesråd dekkjer seks sokn og sju kyrkjer i ein vakker kommune mellom Bergen og Voss. Med E16 og Bergensbanen rett gjennom kommunen har vi rask kommunikasjon til begge byar, og vi nyt godt av både by- og bygdekultur. Naturen varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap – og kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og frivillige lag.

Kyrkjene er utstyrte med gode instrument. Mellom anna finn du Jehmlich-orgel på Dale og Yamaha C3-flygel på både Vaksdal og Dale
Om stillinga

Vi søkjer ein engasjert og musikalsk person til fast stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % stilling

 

Søknadsfrist: 26.06.2026
Arbeidsgivar: Vaksdal kyrkjelege fellesråd
Stad: Dalekvam
Stillingstittel: Kantor / kyrkjemusikar
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 5138117499

 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre gudstenester og kyrkjelege handlingar, i samarbeid med prest og stab
  • Spele akkompagnement og leie eventuelt korarbeid og konsertverksemd
  • Bidra til eit breitt og variert musikalsk uttrykk i gudstenester og anna kyrkjeleg verksemd
  • Utvikle song- og musikklivet i sokna
  • Spele på andaktar ved institusjonar
  • Noko møteverksemd og administrativt arbeid

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i samsvar med tenesteordninga for kantorar. Søkjarar med anna relevant kompetanse, realkompetanse eller kyrkjemusikalsk utdanning vert òg vurdert
  • Meistring av kyrkjeorgel og/eller piano
  • Erfaring med akkompagnement
  • Banderfaring er ynskjeleg
  • Dirigenterfaring frå barne- og ungdomskor er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som er strukturert og sjølvstendig, og som trivst med å samarbeide – både med fast tilsette og frivillige. Du er ryddig, kreativ og løysingsorientert, og du har gode kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

 

Arbeidsstad og vilkår

  • Kontorstad: Kyrkjekontoret på Dale. Tenestested: alle seks sokn i Vaksdal
  • Næraste overordna: kyrkjeverja
  • Arbeidstid: fleksibel; kvelds- og helgearbeid må påreknast
  • Løn: etter kyrkjeleg tariff og kvalifikasjonar
  • Pensjon: KLP med 2 % innskot av brutto løn
  • Krav: Førarkort klasse B og disponibel bil
  • Krav: Medlemskap i Den norske kyrkja og politiattest
  • Tilsetjing skjer i samsvar med lov, reglement og tariff. Søkjar må vera budd på eventuelle endringar i kommunestrukturen.

 

Søknad og kontakt

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Kyrkjeverje Bjart-Magnus Rosvold tlf 97 69 75 62. e-post br233@kyrkja.no

Eventuelt send søknad med CV og relevante attestar til Vaksdal kyrkjelege fellesråd, pb 113, 5721 Dalekvam

 

Fabrikkvegen 3, 5722 Dalekvam, Norge

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Bjart-Magnus Rosvold
Kyrkjeverje
 Telefon:97 69 75 62
E-post:br233@kyrkja.no

Elisabeth Verpelstad

Del stillingen

Selskap

Vaksdal kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Bjart-Magnus Rosvold
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post: br233@kyrkja.no
  • Mobil/Tlf: 97 69 75 62
  • Elisabeth Verpelstad
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Dalekvam

Søknadsfrist

Juni 26, 2026