

Kontaktperson HAFS barnevernteneste
HAFS barnevernteneste jobbar for å finne gode løysingar for barn og føresette i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, og vi har no ledig ei 100 % fast stilling som kontaktperson frå snarast. Eininga har ti stillingar med engasjerte medarbeidarar som samarbeider om å løyse utfordringar og sjå moglegheiter til det beste for barn og familiar i regionen.
No søker vi etter deg som trur på barn og foreldre sine ibuande ressursar og ønsker å hjelpe dei i vanskelege livssituasjonar. Du vil ha kontor i hyggelege lokale på Fjalerhuset i Dale. Her jobbar du i eit tverrfagleg team med låg terskel for å søke støtte og råd hos kollegaene. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og tek gjerne eit kjapt møte i sofaen for å drøfte ulike problemstillingar.
Varierte og givande arbeidsoppgåver
Dei tilsette arbeider med alle delar av barnevernfaget: undersøking, tiltaksarbeid og barn under omsorg etter barnevernlova. Vi ser etter deg som har eit ekte engasjement for menneske og ikkje er redd for å stå i krevjande situasjonar. Du gler deg over «dei små stega» og er god til å skape tillit og relasjonar. Vi vektlegg å møte barn, familiar og samarbeidspartar der dei høyrer til, noko som betyr ein del reiseverksemd i arbeidet.
Sjansen til å utvikle deg
Du vil få interessante og faglege utfordringar og sjanse til å utvikle deg. Drøftingar internt og eksternt er med på å halde oss orienterte på det som skjer i fagfeltet, noko som er viktig for å gi rett hjelp til riktig tid. Vi legg til rette for vidareutdanning og kurs innan barnevernsfeltet.
Arbeidsoppgåver
- sakshandsaming etter barnevernslova
- undersøkingsarbeid etter barnevernlova
- direkte tiltaksarbeid med born og foreldre
- fosterheimsoppfølging
- samarbeid med andre instansar
- arbeid med akutte situasjonar/kriser
- oppfølging av oppdragstakarar i tiltak
Noko kvelds- og helgejobbing må påreknast
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnevernpedagog eller sosionom
- Anna relevant høgskuleutdanning kan vurderast under føresetnad av at du er innstilt på å ta nødvendig kompetanseheving innan barnevernfaget.
- Rettleiingskompetanse er ønskjeleg
- Førarkort klasse B
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- godkjend politi- og tuberkulinattest må leggast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar
- raus, audmjuk og omgjengeleg
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- kan arbeide sjølvstendig, er fleksibel og har pågangsmot
- jobbar strukturert
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr
- løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet
- 50 000,- alltid på topp tillegg for høgskuleutdanna
- fleksibel arbeidstid
- gode pensjonsordningar og rabatterte forsikringar i KLP
Om du vil vere ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med stort engasjement for barn og familiar, håpar vi å høyre frå deg.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 26.05.2026
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heidi Roos
Stilling: Leiar HAFS barnevernteneste
mob: +47 94826150
Heimeside:
Adresse:
Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord
Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste
HAFS barnevernteneste er ei teneste for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi har ti stillingar med kontorstad på Fjalerhuset, Dale i Sunnfjord.

