Kyrkjelydspedagog vikar inntil 70% stilling i eit år

 

 

  • Hjelmeland Kyrkjelege Fellesråd
  • Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland

 

Om jobben

Vi har behov for vikar som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar/kateket inntil 70% stilling i eitt år frå 01.08.26.

Kyrkjekontoret ligg i Hjelmeland sentrum. Arbeidsplassen er på kontoret og i kyrkjene våre i Årdal, Fister og Hjelmeland.

Oppstart: 1. august 2026
Stillingstittel: Menighetspedagog
Type ansettelse: Vikariat, deltid 70%
Arbeidstid: Dagtid, ukedager

 

Søk på jobben

Søk senest torsdag 7. mai

Send søknad til: post.hjelmeland@kyrkja.no

 

Hva vi ser etter

  • Vi ser etter ein person som har pedagogisk utdanning/erfaring med undervisning innan kristendomsfaget.
  • Ein som har god kommunikasjons- og formidlingsevne i møte med barn og unge.
  • Evne til å planleggja og arbeida sjølvstendig, men og i lag med andre.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Den som blir tilsett må vera medlem i Den norske kyrkja
  • Nynorsk blir nytta som målform
  • Søkjar må disponera bil
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetting, jfr. Kyrkjelova § 29

 

Arbeidsoppgaver

Hovudoppgåva er å undervisa i den kristne tru til barn og unge.

-Det inneber å administrera og gjennomføra trusopplæringstiltak i tråd med vedtatt plan, til dømes konfirmantundervisning, dåpsskule, 11-åringar m.m.

-Medvirknad ved gudstenester i samband med arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga.

-Organisera og ivareta frivillige medarbeidarar i samband med arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga.

 

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby tverrfagleg arbeidsmiljø med vekt på utvikling og samhandling
  • Offentleg tenestepensjonsordning KLP
  • Fleksibel arbeidstid med noko kvelds- og helgearbeid
  • Løn og andre vilkår etter gjeldande reglar og tariffavtale i kyrkjeleg sektor

 

Kontaktperson for stillingen

Mette Ingvaldstad
Kyrkjeverje/dagleg leiar
907 35 564
post.hjelmeland@kyrkja.no

 

Om bedriften

På kyrkjekontoret på Hjelmeland har vi 7 kontorplassar, der sit diakon, prost, kyrkjelydspedagog, kantor, kyrkjeverje, administrasjonssekretær og prest . I tillegg har vi kyrkjetenare i kapellet i Jøsenfjorden og kyrkjene våre.

Mykje av arbeidet føregår ute av kontoret, i kyrkjene våre og andre lokalitetar.

Sektor: Privat

Del stillingen

Selskap

Hjelmeland kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Mette Ingvaldstad
  • Tittel: Kyrkjeverje/dagleg leiar
  • E-Post: post.hjelmeland@kyrkja.no
  • Mobil/Tlf: 907 35 564

Lokasjon

  • Hjelmeland

Søknadsfrist

Mai 7, 2026