Gjermundnes vgs

 

Lærar landbruk 100% fast stilling

 

Naturbruk, Møre og Romsdal fylkeskommune

Vil du vere med å utdanne framtidas matprodusentar gjennom eit utdanningsprogram der jordbruk, dyrehald og forvaltning av naturressursar står i sentrum? Som lærar i landbruk hos oss blir du del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at skulen skal vere «eit naturleg val for framtida». Vi har ledig ei 100% fast stilling som lærar i landbruk frå 01.08.2026. Undervisninga vil i hovudsak vere knytt til programfag på Vg1 og Vg2.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 31.03.2026
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel: Lærar landbruk 100% fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5090816271
Startdato: 01.08.2026

Arbeidsoppgåver

  • praktisk og teoretisk undervisning i produksjonsfag på Vg1 og Vg2 med hovudvekt på stell og
  • produksjon av ku, gris og sau
  • vurderingsarbeid
  • undervisning i tilgrensande fag ved skulen kan bli aktuelt
  • kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt
  • samarbeid med andre faginstansar ved behov

Kvalifikasjonar

  • det er ønskjeleg med praktisk kompetanse innan husdyr, gjerne i kombinasjon med planteproduksjon på friland
  • relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i
  • vidaregåande skule. Søkjarar som ikkje har pedagogisk utdanning er velkomne å søkje på vilkår av at dei vil ta slik utdanning.
  • god norskkompetanse, både skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • trivast i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging
  • er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet
  • gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • ein utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø
  • ein allsidig arbeidsplass med dyktige medarbeidarar med brei kompetanse
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter tariff

Anna

  • Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
  • Den som blir tilsett må levere gyldig politiattest.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Gjermundnesvegen 200, 6392 Vikebukt, Norge

Kontaktinformasjon

Leif Einar Næss
Avdelingsleiar Naturbruk
Telefon:+47 48249294
E-post:[email protected]

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skolen (gjermundnes.vgs.no)
Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.

Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.
Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.

 

Del stillingen

Selskap

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Leif Einar Næss
  • Tittel: Avdelingsleiar Naturbruk
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Telefon: +47 48249294

Lokasjon

  • Vikebukt

Søknadsfrist

Mars 31, 2026