

Einingsleiar
Me søkjer ein trygg, inkluderande og framtidsretta einingsleiar som vil vera med å vidareutvikla gode og makalause tenester for bebuarane ved sjukeheimen vår. Som leiar er du, saman med to avdelingsleiarar, i hovudsete om å skapa engasjement og fellesskap blant dei tilsette.
Suldal sjukeheim flytta inn i nytt og moderne bygg i mai 2025. Sjukeheimen har 38 pasientrom, med både korttids- og langtidsplassar, tilpassa brukarar med ulike behov. Bygget er utforma med demensvennlege løysingar og små avdelingar, har og eiga smitteavdeling med sluser – erfaringar frå pandemien er teke med i planlegginga. På huset finst institusjonskjøkken, vaskeri og dagsentertilbod. Sjukeheimen ligg rett ved legesenteret, heimetenesta og Suldal bu- og aktvitet.
Sjukeheimen er framtidsretta og har ei tydeleg satsing på velferdsteknologi. Teknologien skal vera eit trygt og godt supplement til den menneskelege omsorga, ikkje ein erstatning. Me legg stor vekt på at bebuarane skal oppleva sjukeheimen som sin heim, og at tenestane som blir gitt held høg fagleg kvalitet.
Ettersom Suldal sjukeheim framleis er å rekna for ny, vil du som einingsleiar, i stor grad vera med å forma korleis institusjonstenesta i kommunen vår skal vera framover. Det vil seie at ein vågar å sjå på tilbodet med nye augo i lys av at ein har eit nytt og moderne bygg, med mål om å skapa eit heilskapleg og godt tilbod.
Suldal kommune ligg om lag to timar frå næraste sjukehus, og sjukeheimen utfører difor avanserte medisinske oppgåver lokalt. Dette stiller høge krav til kompetanse, samhandling og leiing – og gir samstundes eit spanande og meiningsfullt leiaroppdrag.
Korleis kan du lukkast og trivast hos oss?
- Du må ha høgare utdanning, gjerne med vidareutdanning.
- Har erfaring frå leiing, og evne til å leia og utvikla medarbeidarar.
- Ha god kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk.
- Er god rolleforståeing, system- og organisasjonsforståing.
- Ha kunnskap om, og interesse for, digitalisering som verkemiddel for utvikling og effektivisering av arbeidsprosessar.
Kva kan me tilby som arbeidsplass?
- Du vil få varierte, sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Ein leiar må innimellom arbeida utanfor normal arbeidstid. Difor gir me leiarar opp mot 10 ekstra dagar fri i året.
- Du blir ein del av einingsleiargruppa til Helse og oppvekst som består av 16 einingsleiarar som jobbar med leiing, utvikling og tverrfagleg samarbeid.
- Du blir leiar for det finaste nye bygget i Suldal kommune. Sjukeheimen vart nyleg tildelt prisen “Årets nybygg” i ei lokal kåring.
- Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hjå oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
- Ønskjer du å prøvebu i Suldal? Me skjønar godt at det å busetta seg i Suldal ikkje er ein beintfram sak for alle. Me kan difor tilby deg å leige bustad først, som du kan få tilbod om å kjøpa seinare – om du trivst hos oss.
Kva gjere ein eingsleiar i Suldal kommune
- Leia Suldal sjukeheim i tråd med Suldal kommune sine målsetjingar
- Har fagleg, økonomisk og administrativt ansvar for eininga
- Har ansvar for å drive gode utviklings-, forbetrings- og endringsprosessar
- Har ansvar for omdømebygging, informasjon og kommunikasjon
- Har fokus på rekruttering, kompetanseheving og bruk av ulike arbeidstidsordningar
- Du må jobbe tett med andre leiarar og fagpersonar.
Kven søkjer me?
- Deg som har gode samarbeidsevner
- Deg som har gode analytiske evner
- Deg som er trygg, inkluderande, tydeleg og som står i leiarrolla
- Deg som er utviklingsorientert
- Deg som er ein kulturbyggar
- Deg som har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
- Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Referansenummer: 26/141
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 27.02.2026
Tiltreding: 01.05.2026
Arbeidsstad: Sand
Kontaktpersonar:
Svein Carlos Nilsen Gjil
Stilling: Kommunalsjef Helse og oppvekst
tlf: +47 52 79 22 00
mob: +47 99078863
Heimeside:
Adresse:
Eidsvegen 7 4230 Sand
Suldal kommune Overordna helse og velferd
Velkommen til Skattkammeret Suldal – Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.
Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

