Vikariat i matematikk og naturfag

 

Arna vidaregåande skule er ein tradisjonsrik skule med omlag 300 elevar fordelt på fem utdanningsprogram. Skulen held til på idylliske Garnes, med fjordutsikt mot Knarvik og Osterøy. Skulen vart rehabilitert i 2018 og framstår som ny og moderne.

Skulen har utdanningsprogramma BA, HO, IM, MK og studiespesialiserande.

Vi søkjer etter faglærar i matematikk og naturfag for snarleg tilsetjing.

 

Søknadsfrist: 15.02.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Vikariat lærer i matematikk og naturfag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 5072298060

 

Arbeidsoppgåver

Undervisning i matematikk og naturfag i omlag 50% stilling ut skuleåret. Stillingsressursen kan aukast. Undervisninga kan bli lagt til alle program, men mest på yrkesfag.

1p,1py, 2p og naturfag. Støtteundervisning og meiropplæring kan òg bli aktuelt.

 

Kvalifikasjonar

  • Til alle undervisningstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
  • Fagleg kompetanse innan matematikk og naturfag.
  • Det er ønskjeleg med undervisningserfaring.

 

Personlege eigenskapar

  • Du tek omsyn til at elevane er i ein utviklingsfase.
  • Du er med på å skape gode relasjoner til elevar og medarbeidarar.
  • Du er fagleg nysgjerrig, og liker å finne gode måtar å undervise på.

 

Vi tilbyr

Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Gode kolleger og hyggelege elevar.

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Lars Inge Skjerping Teigen
avdelingsleiar
 Telefon:90898256

Svein Arne Nybø
ass. rektor
 Telefon:90266798

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Lars Inge Skjerping Teigen
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 908 98 256
  • Svein Arne Nybø
  • Tittel: Ass. rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 90266798

Lokasjon

  • Garnes
  • Bergen

Søknadsfrist

Februar 15, 2026