Fjaler kommune Våge barnehage

 

Reinhaldsoperatør til 60 % fast stilling ved Våge barnehage

 

 

Reinhaldssentralen søkjer etter ein engasjert og påliteleg medarbeidarar til ei 60 % fast stilling. Vi ser etter deg som liker å jobbe med reinhaldsoppgåver, som er nøyaktig og har eit auge for detaljar. Oppmøtestad er for tida Våge barnehage. Stillinga har arbeidstid på dagtid måndag til fredag, med start kl. 06.00.

 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg og periodisk reinhald
  • Vedlikehald av golv
  • Hovudreinhald
  • Andre oppgåver innan reinhaldsfaget

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør. Søkjar som ikkje har fagbrev kan bli vurderte om dei har lang erfaring frå reinhald og er villig til å ta fagbrev.
  • Minimum B1 nivå på norsk skriftleg og munnleg
  • Søkjarar må ha fylt 18 år
  • Sertifikat kl. B og disponere eigen bil

Ønskjeleg

  • Erfaring med bruk av ulike reinhaldsmaskiner.

 

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Serviceorient og omgjengeleg
  • Trivast med varierte reinhaldsoppgåver og fysisk arbeid

Vi vektlegg at ein er personleg egna til stillinga

 

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • 10 000 kroner tillegg som er alltid på topp av grunnlønn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Å tilrettelegge for at du kan ta fagbrev som reinhaldsoperatør parallelt med arbeidet

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Deltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 01.02.2026
Tiltreding: 27.04.2026 eller etter avtale
Arbeidsstad: Våge

 

Kontaktpersonar:

Linn Iren Halvosen
mob: +47 90408598

 

Heimeside:

www.fjaler.kommune.no

 

Adresse:

Vågsvegen 6967 Hellevik

 

Fjaler kommune Våge barnehage

Våge barnehageligg ytst i Fjaler. Barnehagen har heilt nye lokale like ved Våge skule. Vi har eit allsidig opparbeidd uteareal, og avstandane er korte til skog, sjø og Våge ballpark. I Våge barnehage er vi opptatt av alle skal ha det bra ilag, vi skal være «Ein stad der vi skapar vennskap og god minner».

Barnehagen har to avdelingar: Blåbær er storbarnsavdeling med 12 plassar og Tytebær er småbarnsavdeling med 7 plassar.

Del stillingen

Selskap

Fjaler kommune

Kontaktinfo

  • Linn Iren Halvosen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 904 08 598

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

Februar 1, 2026