Vikariat – Lærar på avdeling Elektro og datateknologi

 

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 01.04.26 har vi ledig eit års vikariat som faglærar i elektrofag. Søknadsfrist: 19.01.26

 

Søknadsfrist: 19.01.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Vikariat – Lærar på avdeling Elektro og datateknologi
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5058764664

 

Arbeidsoppgåver

Undervising og oppfølging av elevar.

  • Stillinga er ei 100% vikariat med med undervisning i aktuelle programfag på vg1 og vg2 etter kompetanse og behov. Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver. Flora vgs har VG1 Elektro og datateknologi og VG2 El-energi og ekom.
  • Du skal samarbeid med kollegaer og leiing, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.

 

Kvalifikasjonar

Relevant fagbrev, samt minimum fire års relevant yrkeserfaring etter gjennomført fagbrev. Kjennskap til lokalt næringsliv er ønskjeleg. Teknisk fagskule eller annan høgare utdanning, eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning. God og oppdatert kjennskap innan HMS, kvalitet og dokumentasjon.

Det er ønskjeleg med lærarkompetanse, men søkjarar utan formell undervisningskompetanse (fagleg og pedagogisk) kan tilsettast i vikariatet dersom det ikkje er søkjarar som har lærarkompetanse. 

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

 

Det er ynskjeleg med:
– Undervisningserfaring.
– Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
– God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
– Relevant autorisasjon/sertifikat/kursbevis

 

Personlege eigenskapar

    Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og vi ønskjer ein medarbeidar som likar å arbeide med ungdom og som er ein god rollemodell. Du må vere oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som tydeleg og inkluderande. Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa. Som lærar innan eit yrkesfag er det viktig å sjå utdanninga som primært ei førebuing til lære. Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må vere reflektert både sjølv, og i lag med andre og vere motivert for å bidra til både eiga og andre si endring og utvikling. God digital kompetanse også i digital teikning. Variert og omfattande erfaring knytt til elektro og datateknologi, el-energi og ekom og kjennskap til lokalt næringsliv.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting. 

 

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Gode høve til eiga læring og utvikling. 
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Nærare informasjon om stilling kan du få ved å vende deg til skulen ved avdelingleiar Ole Hartvik Hennøy 
Tlf: 91 87 27 26. 

Søknadsfrist: 19.01.26

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Knut Christian Clausen
rektor
 Telefon:41530684

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Knut Christian Clausen
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 415 30 684

Lokasjon

  • Florø

Søknadsfrist

Januar 19, 2026