
Personalrådgjevar / Personalkonsulent
Om stillinga
Vi får ledig 100% vikariat som personalrådgjevar / personalkonsulent frå 01.03.26 – 28.02.27. Dersom mogeleg ønske vi noko overlapp og ev. delvis oppstart allereie frå midten av januar.
Arbeidsoppgåvene vil vera varierte og inneber mykje sjølvstende og ansvar. Du vil kunne få delta innanfor heile spekteret i fagfeltet personal, samtidig må du trivast med saksbehandling og dagleg drift.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling
- Delta i rekrutteringsprosessar
- Rådgiving innan sentralt og lokalt regelverk
- Initiere og bidra til forbetringsarbeid og utviklingsarbeid
- Koordinerande rolle for lærlingar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på bachelornivå innan administrasjon, HR, personalleiing, arbeids- og organisasjonspsykologi eller jus.
- Relevant arbeidserfaring og vidareutdanning kan kompensere for formell utdanning
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid innanfor personalarbeid, fortrinnsvis frå offentleg administrasjon
- Ønskeleg med rådgiving -og saksbehandlingserfaring
- Kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
Vi vektlegger personlege eigenskapar og ser etter deg som:
- Har engasjement for personalfaget
- Set fag, kvalitet og service i fokus
- Er fleksibel, løysingsorientert, lojal og samarbeidsvillig
- Er strukturert og målretta med god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Utfordrande og lærerikt arbeid
- Eit fagmiljø du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Om Sveio kommune
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Spørsmål om stillinga
Monica Hovda Madsen
Personalleiar
+47 474 68 021
[email protected]
Søknadsfrist: 5. januar 2026
Arbeidsgivar: Sveio kommune
Kommune: Sveio
Omfang: Heiltid
Varigheit: Vikariat/mellombels
Arbeidsstad: Sveiogata 70, 5550 Sveio

