Sogndal kommune Anlegg og friluftsliv

 

Prosjektleiar: Marin forsøpling – Sognefjorden

 

 

Vil du bidra til ein reinare fjord? 

Arbeidsgjevar: Sogn friluftsråd 
Stillingstittel: Prosjektleiar: Marin forsøpling – Sognefjorden 
Stad: Sogn 
Søknadsfrist: 1. desember 
Tilsettingsform: 12 månaders engasjement i 100% 

 

Om stillinga 

Vil du bidra til ein reinare fjord? Me søkjer ein engasjert medarbeidar som vil arbeide med å førebygge og redusere omfanget av marin forsøpling i og langs Sognefjorden.  

Dette er ei spennande og givande stilling for deg som er engasjert i å ta vare på naturen. Stillinga inneber utvikling og gjennomføring av prosjekt, bidra til kunnskapsdeling og samarbeid på tvers av organisasjonar for å redusere omfanget av plast og anna forsøpling i naturen. Sentralt for arbeidet vil vere å kartlegge forsøpla område, støtte frivillig rydding, organisere ryddeaksjonar og gjennomføre skulebesøk.  

Ein vesentleg del av arbeidet vil gå med på å førebu ryddeaksjonen Rein Sognefjord, der ein vil samarbeide tett med prosjektleiar frå stiftinga Framtidshavet. 

Det vil vere rom for å påverke arbeidsoppgåvene innanfor rammene som er sett av våre finansieringskjelder.  

Stillinga har ei varigheit på 12 månader, med moglegheit for forlenging. 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Bidra til systematisk kartlegging av forsøpla område langs indre delar av Sognefjorden 
  • Planlegging og gjennomføring av ryddeaksjonar 
  • Samle folk – kommunar, frivillige organisasjonar, næringsliv og enkeltpersonar – til å bli med på laget. 
  • Besøke skular og inspirere born og unge til å ta vare på naturen 
  • Mobilisere til frivillig rydding og koordinere ryddeinnsats 
  • Innsamling, analyse og formidling av data og resultat 
  • Skrive søknader, rapportar og utvikle kommunikasjonsmateriell 
  • Budsjettansvar med føring av prosjektrekneskap 
  • Representere friluftsrådet i fagfora og nettverk 
  • Sikre ein målretta og varig innsats for rydding av marint avfall 

 

Kvalifikasjonar 

  • Fortrinnsvis høgare utdanning innan relevante fagfelt. Praktisk kompetanse og arbeidserfaring kan vege opp for kravet om høgare utdanning.  
  • Erfaring med prosjektarbeid 
  • God munnleg og skrifteleg framstillingsevne 
  • Det er ynskjeleg med kunnskap om problemstillingar knytt til plast, avfall og marine miljø 
  • Førarkort klasse B 

 

 

Personlege eigenskapar 

  • Evne til å oppnå mål og resultat 
  • Like å kombinere kontorjobbing med dagar ute i felt 
  • Strukturert, sjølvstendig og flink til å samarbeide 
  • Løysingsorientert og initiativrik 

 

Me tilbyr 

  • Løn etter avtale 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Kontorstad innanfor friluftsrådet sitt nedslagsfelt 

 

Om oss 

Sogn Friluftsråd er friluftsrådet som held til inst i Sognefjorden. Fjorden bind saman våre medlemskommunar Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Vi skal vi arbeide for eit attraktivt og tilgjengeleg friluftsliv i Sogn. Saman med kommunane og frivillige organisasjonar skal vi arbeide for at våre innbyggjarar får oppleve livsvarig friluftsglede, heile året! 

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Engasjement
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 01.12.2025
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsstad: Sogn

 

Kontaktpersonar:

Harald Otterstad
mob: 48173165

 

Heimeside:

www.sognfriluftsrad.no

 

Adresse:

Trolladalen 30 6856 Sogndal

 

Sogndal kommune Anlegg og friluftsliv

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837 

Del stillingen

Selskap

Sogn friluftsråd

Lenke til firma

www.sognfriluftsrad.no

Kontaktinfo

  • Harald Otterstad
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 481 73 165

Lokasjon

  • Sogndal

Søknadsfrist

Desember 1, 2025