
Lærar
Ål kommune har ledig inntil 100% fast stilling p.t. ved Nordbygdene skule frå 01.02.26.
Vi søkjer lærar som brenn for å utvikle praksisnær, leikbasert, spennande og innovativ undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap. Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg.
Nordbygdene skule er ein fådelt skule med 48 elevar og 4 klassar fordelt på 1.-7. trinn. Det er 7 lærarstillingar er knytt til skulen, og totalt 15 tilsette. Vår visjon er “godt å vere – moro å lære!” Våre verdiar er respekt, omsorg og ansvar. Nordbygdene skule ligg i bygda Leveld i Ål kommune, har god tilgang på areal både inne og utandørs. Skulen har gymsal og svømmebasseng.
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
- Ønskeleg med allmennlærar- eller grunnskulelærarutdanning, og undervisningskompetanse i fleire grunnskulefag. Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med fådelt pedagogikk.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som
- Ønsker å bidra til god læring for elevane.
- Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
- Ser på leikbasert læring som ein god arbeidsmetode i undervisninga.
- Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
- Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.
Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Vi tilbyr
- Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
- Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar og leiarar.
- Miljørettleiarar ved skulen.
- Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
- Løns- og arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
- Pensjonsordning i SPK.
- Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.
Politiattest og søknad
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Fylke: Buskerud
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 30.11.2025
Tiltreding: 01.02.2026
Arbeidsstad: Leveld
Kontaktpersonar:
Elin Nordheim
tlf: +47 47657477
Heimeside:
Adresse:
Nordbygdvegen 950 3570 Ål
Ål kommune Nordbygdene skule
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Nordbygdene skule er grendeskulen til bygdene Votndalen, Leveld og Vats, og ligg langs Nordbygdvegen i Leveld. Nordbygdene barnehage held også til her, og uteleikeplassen er felles med barnehagen. I tillegg byr nærområdet på gode områder for leik og læring ute. Skulen har 50 elevar fordelt på 1-7 trinn og er organisert fådelt. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule.
Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. Betre læring er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren.

