Lærarar

 

Ål kommune har ledig 2 vikariat, ved Torpo skule.

  1. 100% vikariat, lærar, i perioden 01.02.26-31.07.2026
  2. 100% vikariar, lærar, i perioden 01.04.26-31.07.2026

Begge stillingane har moglegheit for forlenging. 

 

Stilling 1:

  • Kontaktlærar på småtrinnet.
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med fådelt pedagogikk.
  • Ønskeleg med kompetanse innan tegn-til-tale.

 

Stilling 2: 

  • Arbeid med einskildelevar.
  • Ønskeleg med spesialpedagogisk kompetanse.

Vi søkjer medarbeidarar som brenn for å utvikle praksisnær, leikbasert, spennande og innovativ undervisning i samarbeid med elevar og kollegaer i profesjonelle lærande fellesskap.  Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn med behov for tilrettelagt støtte er ønskeleg.

 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent undervisningskompetanse jf. opplæringslova § 10-1 og 10-2 og forskrift til opplæringslova kapittel 14, sjå særleg §§ 14-1 til 14-3.
  • Før opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse innanfor.

 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagde. Vi søkjer deg som

  • Ønsker å bidra til god læring for elevane.
  • Er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer.
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god digital kompetanse og evne til å vurdere når det er føremålstenleg for elevane å arbeide digitalt.
  • Ser på leik viktig og som ein god metode i undervisninga.
  • Ønsker å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt.
  • Har engasjement for elevane sitt læringsfellesskap.

Våre medarbeidarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling.  

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

 

Vi tilbyr

  • Arbeidsplassar med gode og utviklande arbeidsmiljø.
  • Rettleiing i to år for nyutdanna lærarar.
  • Engasjerte og dyktige medarbeidarar og leiarar.
  • Skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving.
  • Miljørettleiarar ved skulen.
  • Løns- og arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst gjennom kurs og vidareutdanning.

 

Politiattest og søknad

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Buskerud
Jobbtype: Vikariat
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 12.11.2025
Tiltreding: 01.02.2026
Arbeidsstad: Torpo

 

Kontaktpersonar:

Ine Kolsrud
mob: 41140516

 

Heimeside:

www.aal.kommune.no

 

Adresse:
Skulebakken 3 3570 Ål

 

Ål kommune Torpo skule

Torpo skule er ein fådelt skule med 44 elevar og 4 klassar. 7 heile lærarstillingar er knytt til skulen. Torpo skule vart fullrenovert i 2010, og er spesielt godt egna for bruk av utemiljøet i undervisninga. Skulen har stor gymsal og svømmebasseng, skårar høgt på trivsel hjå elevane og har eit godt læringsmiljø for store og små.

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Ine Kolsrud
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 411 40 516

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

November 12, 2025