
Undervisningsstilling Faglærer i Skipstekniske og Maskinerifag
Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar
mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Søknadsfrist: 01.12.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Bergen
Stillingstittel: Undervisningsstilling Faglærer i Skipstekniske og Maskinerifag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4910935550
Arbeidsoppgåver
Vil du være med å forme fremtidens maritime ledere?
Ynskjer du å jobbe med motiverte studentar? Har du lyst til å bidra til utvikling av læremål både i maskineri og i møte med det grøne skiftet? Då kan dette være stillinga for deg!
Vi har ein ledig 100 % undervisningsstilling innan skipstekniske fag på leiarnivå. Undervisninga fylgjer krava i STCW-konvensjonen, og vi søkjer ein engasjert og fagleg dyktig person til å bli en del av vårt team.
I henhold til Lov om høgare yrkesfagleg utdanning vert det stilt krav til relevant fagleg kompetanse for alle undervisningsstillingar.
Arbeidsoppgaver:
- Undervisning og veiledning innan skipsteknikk, leiing, maskineri og tilknytta emner.
- Utarbeiding og oppdatering av undervisningsplanar og læringsmateriell i tråd med gjeldande læreplanar og forskrifter.
- Planlegging og gjennomføring av praktiske øvingar og simuleringar.
- Oppfølging og vurdering av studentars faglege utvikling.
- Samarbeid med kolleger, fagmiljø og relevante aktørar i næringa.
- Bidra til vidareutvikling av fagområdet og utdanningstilbodet.
- Moglegheit for å kombinere pedagogisk utdanning med stillinga, om du ikkje allereie har godkjent pedagogisk kompetanse.
Annet:
For søkjarar som ikkje har godkjend pedagogisk kompetanse, legg skulen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga.
Alle nytilsettingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Kvalifikasjonar
- Maritim fagskole, relevant bachelor eller mastergrad/Siv.ing.
- Relevant realkompetanse fra maritim sektor vil bli vektlagt.
- Søkere må ha utdanning på minst maskinoffiser klasse 1 nivå og ha løst ut klasse 2 sertifikat.
Personlege eigenskapar
- Gode formidlingsevner og engasjement for fag og undervisning
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å skape gode relasjoner og liker samarbeid i team
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
Vi tilbyr
- Ein triveleg arbeidsplass sentralt i Bergen sentrum i et engasjert team av lærarar. Studiet har svært gode søkjartal og har motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen.
- Eit spennande og variert arbeidsfelt med gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår. Lønn tar utgangspunkt i sentral garantilønn KS . Lønnsnivå avhenger av utdanningsnivå, ansiennitet og sertifikat. Søkarar med D1-sertifikat vil bli løna som lektorar uavhengig av utdanningsnivå. Garantilønn frå 629 300 til 765 500 avhengig av ansiennitet. Pedagogisk utdanning gir lektor med tillegg.
- Gode pensjonsordningar.
- Fleksibel arbeidstid som gir rom for balanse mellom jobb og fritid.
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle utdanningstilbodet innanfor skipstekniske fag.
- Tilrettelegging for vidareutdanning og kompetanseheving, inkludert pedagogisk utdanning ved behov.
- Arbeidsstad studiestad Nygård (Odd Frantzens plass 6)
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
Vestre Strømkaien 10, 5008 Bergen, Norge
Kontaktinformasjon
Håvard Endre Waage
Utdanningsleiar
Telefon:92482123
E-post:[email protected]
Geir Jakobsen
Utdanningsleiar
Telefon:92280836
E-post:[email protected]
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

