Fjaler kommune Yksnebjør barnehage

 

 

Konsulent i 50 % fast stilling

 

Personal- og organisasjonsavdelinga søkjer etter ein engasjert og serviceinnstilt konsulent i ei 50 % fast stilling  frå 1. januar 2026. Hos oss får du ein variert og lærerik kvardag i Fjalerhuset, tett på både kollegaer, innbyggarar og viktige prosessar for organisasjonen. Du vil møte mange menneske, handtere ulike oppgåver – og få moglegheita til å utvikle deg i eit miljø prega av samarbeid, humor og engasjement.

Stillinga er plassert sentralt i organisasjonen, med oppgåver som gjev deg både oversikt og innsikt i kommunen sitt daglege arbeid. Her vil du få høve til å kombinere praktiske gjeremål med kontakt med menneske, og vere ein viktig ressurs både for innbyggarane og kollegaer.

Vi tilbyr introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar. Stillinga er tenkt fordelt over tre arbeidsdagar i veka, fortrinnsvis måndag, fredag og halve tysdag.

 

Viktigaste arbeidsoppgåver

  • sentralbord og publikumsmottak
  • arbeid med arkiv, post og journalføring
  • støtte i ulike administrative prosessar
  • bidra med kommunikasjon ut til innbyggarne i ulike kanalar
  • bidra i praktisk gjennomføring av val

Vi søkjer deg som:

  • likar å yte service, har godt humør og og trivst med å møte menneske
  • har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
  • er lærevillig, arbeider strukturert og målretta
  • ser etter løysingar og er open for forbetring og effektivisering
  • er påliteleg, tek ansvar og bidrar positivt til arbeidsmiljøet

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga

Kvalifikasjonar:

  • ønskeleg med fagbrev i service- og administrasjonsfaget 
  • anna relevant utdanning og/ eller erfaring kan kompensere for fagbrev  
  • søkjarar må ha fylt 18 år
  • god digital kompetanse
  • gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg

Det er ein fordel om du har erfaring med sakssystemet Websak og arbeid med arkiv.

Har du lyst på ein variert og meiningsfull jobb der du møter folk og fag- og får ein sentral plass i kommunen sin kvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg! 

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Deltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 26.10.2025
Tiltreding: 01.01.2026
Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord

 

Kontaktpersonar:

Wenche Elveseter
tlf: +47 57738015
mob: +47 48021535

 

Heimeside:

www.fjaler.kommune.no

Adresse:

Yksnebjørvegen 19-21 6963 Dale i Sunnfjord

 

Fjaler kommune Yksnebjør barnehage

Yksnebjør barnehage ligg flott til i utkanten av Dale sentrum med eit allsidig uteområde. Vi har utsyn over Dalsfjorden og nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek, helsetun og skular.
Barnehagen har 53 barn og 17 tilsette fordelt på 4 – 5 avdelingar. Vi held til i to bygg, der det eine er eit nybygg som vart opna hausten 2016. Det blir lagt vekt på å vere mykje ute og nytte nærområdet flittig. Små og store er glade i å gå tur og nyttar dei ulike årstidene i kvardagen.
BRAVO-metoden vert nytta som arbeidsverktøy til språkarbeidet i barnehagen. Målet er å skape god språkkompetanse gjennom tidleg innsats ved å oppleve meistring og gi rom for undring saman med andre.
Barnehagen har fokus på eit inkluderande barnehagemiljø. Det blir jobba aktivt med gode relasjonar og eit godt utviklingsmiljø for alle.

Del stillingen

Selskap

Fjaler kommune

Kontaktinfo

  • Wenche Elveseter
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57738015 mob: +47 48021535

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

Oktober 26, 2025