
Kyrkjeverje
Er du ein erfaren og samlande leiar med engasjement for kyrkja si rolle i lokalsamfunnet?
Volda kyrkjelege fellesråd søkjer ein engasjert og strategisk leiar til stillinga som kyrkjeverje. Dette er ei nøkkelrolle med stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke kyrkja sitt arbeid lokalt. Viser etter ein person som vil vere med på å vidareutvikle kyrkja som ein open, inkluderande og relevant aktør i samfunnet. Du vil få arbeide i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for kyrkja sitt oppdrag.
Kyrkjeverja vert tilsett av fellesrådet og er dagleg leiar for verksemda. Dette inneber det daglege, overordna ansvaret for personale, økonomi, administrasjon, bygg, eigedom og gravplassforvaltning. Stillinga rapporterer til fellesrådet, med fellesrådsleiaren som næraste overordna. Arbeidsstad er Kyrkjekontoret i Rådhusgata 6A i Volda sentrum.
Ein sentral del av rolla som kyrkjeverje er å praktisere samleiing i tett samarbeid med prosten. Stillinga krev evne til å navigere i kyrkja sin komplekse organisasjonsstruktur og byggje eit godt og heilskapleg arbeidsmiljø. Vidare er det viktig å sikre økonomiske rammer som gjer det mogleg å oppretthalde og vidareutvikle dagens tenestetilbod. Arbeidet vert hovudsakleg finansiert gjennom kommunale tilskot, og fellesrådet må arbeide aktivt for å styrke dei økonomiske rammene
Søknadsfrist: 07.11.2025
Arbeidsgivar: Volda kyrkjelege fellesråd
Stad: VOLDA
Stillingstittel: Kyrkjeverje
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5025348533
Sentrale ansvarsområde og oppgåver:
- Utvikle ein effektiv organisasjon som tek i vare kyrkja sitt oppdrag og leverer tenester av høg kvalitet
- Leie 13 tilsette og leggje til rette for utvikling, trivsel og eit godt arbeidsmiljø prega av openheit og samarbeid
- Fremje dialog og bidra aktivt til samarbeid mellom sokna og i forhold til prosten og prestane
- Førebu saker til fellesrådet og følgje opp vedtak
- Sikre god økonomistyring og framtidsretta ressursforvalting
- Ivareta kyrkjebygg som funksjonelle, tenlege og trygge arenaerfor kyrkjelydane
- Forvalte gravplassar i tråd med lovverk og avtalar med kommunen
- Representere kyrkja utad og byggje sterke relasjonar med kommunen og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein leiar med erfaring frå personalarbeid og økonomistyring. Relevant høgare utdanning er ønskjeleg. Stillinga krev medlemskap i Den norske kyrkja, og det er ein fordel med erfaring som tilsett eller frivillig i kyrkjeleg samanheng.
Du vil truleg lukkast i rolla dersom du:
- Har leiarerfaring, og erfaring med økonomistyring og framtidsretta ressursforvaltning
- Trivst med personalansvar og evner å byggje eit trygt, utviklande og inspirerande arbeidsmiljø
- Kjenner Den norske kyrkja og kyrkja sitt samfunnsoppdrag, gjerne med kyrkjefagleg bakgrunn
- Har god forståing for og erfaring med å navigere i komplekse organisasjonar med fleire leiingsnivå
- Har erfaring med påverknadsarbeid og dialog med beslutningstakarar
- Har gode IT-ferdigheiter
- Kommuniserer klart og tydeleg på nynorsk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein trygg og tydeleg leiar som står stødig i seg sjølv og som skaper tillit. Du set retning og kommuniserer tydeleg, samstundes som du motiverer og byggjer gode relasjonar med tilsette, frivillige,sokna, kommunen og lokalsamfunnet.
Vi ser for oss at du:
- Er open, samarbeidsvillig og har gode kommunikasjonsevner
- Kan leie eisamansett gruppe tilsette, og involverer andre i organisasjonen
- Harstruktur, oversikt og evne til å prioritere, og handterer dei ulike ansvarsområda på ein ansvarleg og nøyaktig måte, ofte innanfor stramme rammer
- Kjenner deg heime i Den norske kyrkja sine verdiar, oppdrag og samfunnsrolle
- Har evne til å finne løysingar, tek ansvar og stårstødig i utfordringar, med blikk for utvikling
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt, og vi oppmodar kandidatar til å søkje sjølv om ikkje alle kriterium er oppfylte.
Kviforsøkje deg til Volda kyrkjelege fellesråd?
- Du får moglegheit til å utvikle og forme kyrkja si rolle som ein open, inkluderande og relevant aktør i lokalsamfunnet
- Du blir del av eit engasjert og kompetent fagmiljø med dyktige tilsette og frivillige som brenn for kyrkja
- Du får arbeide i ei organisasjon som set samarbeid og eit godt arbeidsmiljø høgt
- Du får bidra i ein kommune med eit levande lokalsamfunn, rik historie og gode rammer for samspel mellom kyrkje og kommune.
Rådhusgata 6a, 6100 VOLDA, Norge
Kontaktinformasjon
Jostein Stråbø
Kyrkjeverje
Telefon:91663549
Hanne Drabløs
Leiar i kyrkjeleg fellesråd
Telefon:97035396
VOLDA KOMMUNE
Volda kommune ligg i søre delen av Sunnmøre. Naturen er vakker, skiftande med fjordar, dalar og fjell, som gjev rikeleg høve til friluftsliv og rekreasjon heile året. Folketalet var 10960 ved årsskiftet og 8130 eller 74% av desse er medlem av Den norske kyrkja.
Volda er kjend som skulestad. Her er vidaregåande skule med mange ulike liner, både allmenn- og yrkesretta, og høgskule med til 4500 studentar. Høgskulen og Fylkessjukehuset er store arbeidsplassar i kommunen. Arbeidsplassane er elles knytte til jordbruk, industri, service og handel. Volda har gode kommunikasjonar i alle retningar både med buss og fly.
Kommunen har seks sokn, Volda (5752), Hornindal (992),Dalsfjord (583), Kilsfjord (440), Austefjord (265) og Storfjorden (98), med kvar si kyrkje. Vi har tre sokneprestar, kyrkjeverje, kateket, to trusopplæringsmedarbeidarar (60% + 10%) og to sekretærar (100 % + 60%) med heile kommunen som tenesteområdet. Volda sokn har kantor og kyrkjetenar i heile stillingar og ein ungdomsarbeidar/diakoniarbeidar i 60%. Dei andre sokna har kyrkjetenar- og organiststillingar tilpassa talet på gudstenester og kyrkjelege handlingar.