Kokk / medarbeidar til økologisk kjøkken – vikariat

 

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat med DEBIO-godkjent kjøkken, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).

SJH har ledig vikariat som kokk frå ca 1. november 2025.

Vi søkjer etter ein kreativ person som verdset å laga mat av eigenproduserte råvarer i sesong. Dette inneber mykje praktisk arbeid, men gjev til gjengjeld stor fridom til å boltre seg med særs kortreiste økologiske råvarer.

 

Søknadsfrist: 28.09.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Kokk/ medarbeidar til økologisk kjøkken – vikariat
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4996151720
Startdato: 01.11.2025
Sluttdato: 31.07.2026

 

Arbeidsoppgåver

  • Hovudarbeidsoppgåvene er tillaging og servering av middag til elevar og tilsette på Sogn Jord- og Hagebruksskule.
  • Det førekjem og tillaging og servering av måltider når det blir halde kurs og andre aktivitetar på skulen.
  • Elles vanlege arbeidsoppgåver ved storkjøkken og internatdrift.

 

Kvalifikasjonar

Krav til utdanning og praksis

– relevant fagleg utdanning/ fagbrev som kokk
– kunnskap om ernæring
– relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
– interesse for økologisk landbruk og lokal matkultur

 

Personlege eigenskapar

Ønska personlege eigenskapar

– gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

– Ansvarsfull og løysingsorientert

– Påliteleg, tolmodig, engasjert
– Interesse for matfagleg utviklingsarbeid
– Meistra norsk skriftleg og munnleg

 

Vi tilbyr

– Triveleg arbeidsmiljø
– Fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår

– Gunstig arbeidstid; arbeid på dagtid, avspasering på elevfrie dagar mogleg.

 

Sogn Jord- og Hagebruksskule, Skulevegen 24, 5745 Aurland, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Inger Kristin Dale
Avdelingsleiar
 Telefon:+47 99017975

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Inger Kristin Dale
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 990 17 975

Lokasjon

  • Aurland

Søknadsfrist

September 28, 2025