
Lærar i matematikk og naturfag. Vikariat.
Sotra vidaregåande skule
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program. Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig.
Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter ein vikar i matematikk og naturfag 40% stilling frå skulestart til 31.desember 2025.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:14.08.2025
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Stad:Straume,
Stillingstittel:Lærar i matematikk og naturfag. Vikariat.
Stillingar:1
Heiltid / Deltid:Deltid
Tilsetjingsform:Vikar
Stillingsprosent:40
Webcruiter-ID:4999603114
Startdato:12.08.2025
Sluttdato:31.12.2025
Arbeidsoppgåver
Undervisning i matematikk og naturfag.
Tett oppfølging av einskilde elevar.
Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega og skuleleiing.
Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt.
Samarbeide med kollega om elevane si læring og utvikling.
Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse i realfag, gjerne kombinert med andre fag som skulen tilbyr.
Pedagogisk utdanning.
Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
Gode IKT kunnskapar.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Du har stort engasjement for faget.
Du bidrar til elevane si faglege og sosiale utvikling.
Du er fleksibel og ser moglegheiter.
Du har gode samarbeidsevner.
Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
Du har gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Gode moglegheiter til eiga læring og utvikling.
Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
Trimgrupper for tilsette.
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
Ein må rekne med å få undervisning på alle skulestadene på Sotra vgs.
Søkjarar som blir innkalla til intervju, kan bli bedne om å oppgi referansar.
Adresse: Branndalsmyra 61, 5353 Straume, Norge
Kontaktinformasjon
Christian Johnsen, avdelingsleiar
Telefon:40043009
Erik Henneli, Assisterande rektor
Telefon:95826077
Olav Lee, rektor
Telefon:93034370
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.