
Solund kommune Solund skule – Ønskjer du å vere lærar i eit utviklingsretta øysamfunn?
Lærar
Ca 85 elevar og tilsette ved Solund skule flytta inn i nytt bygg til skulestart august 2025.
To bygg vert eitt. Elevgruppa får tenlege undervisningsrom og heilt nytt uteområde. Personalgruppa får felles personalavdeling og gode arbeidsforhold. Heile bygda får eitt nytt bibliotek og lokale som ligg til rette for kulturskulen og andre arrangement på ettermiddagstid.
Med andre ord: Ny start der alt ligg til rette for læring, meistring og utvikling. Vi som skal ha arbeidsplassen her må bygge ny praksis. Det nye skulebygget rommer, i tillegg til undervisningsrom for ungdomskulen, spesialromma kunst og handverk, musikk, naturfag og skulekjøkken. Biblioteket og amfiet ligg sentralt i bygget.
Skulen ligg i kommunesenteret, Hardbakke, med nærleik til sjø og anna kystnatur. Vi har eigen skulebåt som vert nytta av både barnehagen og SFO.
Skulen vår er i utvikling.
Frå august 2025 går dei yngste elevane våre, 1.-4.trinn på skulen kvar dag og heile dagar. Skuledagen er tilrettelagt med romsleg tid og lokale for frileik samt praktisk og tverrfagleg undervisning og aktivitet.
Fleire i personalgruppa tek, og har teke, vidareutdanning. Og, fleire ønskjer å ta utdanning som vil kome skulen til gode.
Kulturskulen og skulen har erfaring med å samarbeide om lærar-ressursane, og nytt av året er at vi planlegg felles prosjekt gjennom hausten.
I personalgruppa er det fleire som er i ferd med å planlegge ny livsfase, som pensjonist.
Alle desse faktorane gjer at skulen vil trenge nye tilsette. Vil du vere ein av dei? Om du ønskjer snarast tilsetjing eller litt fram i tid, vil vere høve å drøfte. Tilsetjing vil verte gjort fortløpande.
Vi treng deg som
Er ein trygg vaksen med god klasseleiing
Planlegge, gjennomføre og evaluere variert og relevant undervisning
Er med og skaper eit trygt, strukturert og inkluderande læringsmiljø der alle opplever meistring og læring
Samarbeider med kollega, leiinga og eksterne samarbeidspartar
Bidrar i skulen sitt arbeid med å skape fellesskap og fagleg utvikling.
Har godkjent lærarutdanning for grunnskule.
Gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg norsk
Søkjar med utanlands utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi tilbyr
Små klassar med kjekke elevar
Personalgruppe med samansett kompetanse og erfaring
Idrettsbygg med volleyballhall
Vatn i bassenget og tilgang til sjø i nærområdet
Gåavstand til Solund idrettspark med fotball- og friidrettsbane, klatrepark og diskgolfbane.
Ingen kø eller parkeringsvanskar
Nynorsk skriftsspråk
Engasjert elevråd
Å vere del av utviklingsarbeid
Som tilsett i Solund kommune
Har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut.
Hjelp til å finne bustad
Hjelp til å finne arbeid til partner
Løn etter tariff
Du får sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i kommunen. Les meir om den nye ordninga her
Her finn du meir om oss:
Solund Nyheter på facebook: Solund nyheiter
Kva skjer på fritida?
Fleire aktive lag som organiserer aktivitetar på dugnad. Sjå omfanget her
Ønskjer du å starte eller leie ein aktivitet er du velkomen til det.
Nytt og velutstyrt treningssenter
Variert natur der du kan bruke sjøen, gå Nordsjøløypa eller opp på ein (liten) fjelltopp.
Dagstur til Sognesjøhytta med utsikt over Sognesjøen/-fjorden.
Oppdage at det bur fleire enn du trur som er unge vaksne
Konsertar, basar, quiz og pub-kveld eller rett og slett ein dagstur med ekspressbåten til Bergen.
Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, og utfylt MRSA-skjema.
Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt:
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Velkomen som søkjar!
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: Tilsetjing skjer fortløpande
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsstad: Solund skule
Kontaktpersonar:
Gunnlaug Olsvoll Røed
tlf: +47 57 78 62 19
mob: +47 908 55 224
Øystein Bolset Strand
tlf: +47 57 78 62 35
Heimeside:
/www.solund.kommune.no/
Adresse: Hardbakke 6924 Hardbakke
Solund kommune Solund skule
Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.
Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.
I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.