Lærar – Maritime fag

 

Austrheim vidaregåande skule ligg i Mastrevikane i Austrheim kommune. Vi er ein skule med om lag 200 elevar som kjem frå kommunar i Nordhordland, samt Gulen og Solund. Skulen har studiespesialisering og ulike yrkesretta studietilbod. Austrheim vidaregåande skule har eit tett og godt samarbeid med næringslivet i Fensfjordområdet med fyrtårna Mongstad og Sløvåg og med kommunane i vårt område. Austrheim vgs set eleven i sentrum under mottoet «Me bryr oss!» ut frå ein filosofi om at trivsel er viktig for læring. Resultata frå elevundersøkingar viser at elevane skårar høgt på trivsel og at dei får faglege utfordringar.

 

Søknadsfrist: 18.05.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Lærar vg2 Maritime fag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4964240457

 

Arbeidsoppgåver

Austrheim vidaregåande skule har frå 01.08.2025 ledig stilling i 100% som lærar vg2 maritime fag. 

Arbeidsoppgåver:
* Undervisning på vg2 maritime fag. Aktuelle fag er: Skipstekniske tenester, Dokumentasjon og kvalitet, Dekk og Yrkesfagleg fordjuping for maritime fag.
* Kontaktlærar kan bli lagt til stillinga.  
* Pedagogisk samarbeid, mellom anna i fagteam og klasseteam. 
* Noko arbeid med kvalitetssystem kan bli lagt til stillinga. 

 

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med:
* Fagbrev som matros og dekksoffiserutdanning på fagskule eller høgskuleutdanning i nautikk. 
* Sertifikat D1 eller D2
* Pedagogisk kompetanse jf. forskrift til Opplæringslova §14-4. 

Pedagogisk utdanning kan takast i kombinasjon med jobb seinare.
Eventuell kompetanse som skipsmotormekanikar/maskinist vil vere nyttig tilleggskompetanse som kan bli vektlagt. 
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

 

 

Personlege eigenskapar

Som vår nye lærar på maritime fag bør du: 
* Vere god på relasjonsbygging og samarbeid. 
* Ha eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste.
* Ynskje å bidra aktivt i pedagogisk samarbeid og arbeidsmiljø. 
* Vere strukturert og kunne arbeide sjølvstendig. 
* Vere kreativ, fleksibel og løysingsorientert. 

 

Vi tilbyr

  • * Eit aktivt, stimulerande og utviklingsorientert fagmiljø
    * Nært samarbeid med kollegaer og særs godt arbeidsmiljø
    * God delingskultur
    * Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • * Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Tilsetjing skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
    Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
     

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Helge Dyrkolbotn
avdelingsleiar
 Telefon:41662610

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Helge Dyrkolbotn
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 416 62 610

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

Mai 18, 2025