Vestnes kommune

 

Miljøveileder – 85 % fast – Helland barneskule/SFO

 

 

Stillingstype
Det er ledig inntil 85 % faste miljøveilederstilling ved Helland barneskule/SFO frå 01.08.2025. Vi søkjer etter miljøveileder som kan hjelpe og støtte opp i læringsprosessar for elevar med særskilte behov i skule og SFO.

Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

 

Arbeidsoppgåver
– tett oppfølging av enkeltelevar med særskilte behov
– følgje elevane i ulike aktivitetar i skulen og på SFO
– legge til rette for eit godt læringsmiljø
– rettleie og motivere elevar fagleg og sosialt
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar der det er behov
– samarbeide med elevar, føresette og kollegaer

 

Kvalifikasjonar
– vi søkjer særskilt etter vernepleiar, men andre med høgskule- eller universitetsutdanning som kvalifiserer til arbeid som miljøveileder kan også søkje
– erfaring frå arbeid med barn i grunnskulealder
– ønskjeleg med kompetanse i arbeid med sosiale ferdigheiter og innan autismespekter
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– det blir stilt krav om politiattest
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt

 

Personlege eigenskapar
– fagleg engasjert
– er stabil og fleksibel
– har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
– er forutsigbar og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen

 

Vi tilbyr
– allsidig utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
– løn etter gjeldande regelverk
– pensjon og forsikringsordningar etter tariffavtale
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referansar

Oppgi referansar

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.                                                                                 

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Møre og Romsdal
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Deltid
Arbeidstid: Dag
Stillingstype: Heiltid/Deltid
Søknadsfrist: 12.05.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Helland barneskule og SFO

 

Kontaktpersonar:

Gisela Stene Smith-Nilsen
mob: +47 99441455

Ingrid Elin Malin
mob: +47 97520706

 

Heimeside:

www.vestnes.kommune.no

 

Adresse:

Skulevegen 2 6390 Vestnes

 

Vestnes kommune

Helland barneskule har ca. 280 elevar på 1.-7.årssteg. Skulen har skulefritidsordning med ca. 120 barn. Helland barneskule ligg sentralt i Vestnes kommune. Skulen ligg i eit flott naturområde nær sjø, skog og fjell. Skulen nyttar seg ofte av den flotte naturen til turar og aktivitetar.

 

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kontaktinfo

  • Gisela Stene Smith-Nilsen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 994 41 455
  • Ingrid Elin Malin
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 975 20 706

Lokasjon

  • Vestnes

Søknadsfrist

Mai 12, 2025