100 % mellombels stilling i Hallinghelse – koordinator for trygg oppvekst Hallingdal – BTI

 

 

Om stillinga

Som koordinator for Trygg oppvekst Hallingdal har du som hovudoppgåve å sikre god tverrfagleg innsats og førebyggjande arbeid mellom sektorane i kvar kommune, samt å legge til rette for at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Koordinatoren har ansvar for å oppdatere handlingsrettleiarar til å vere i tråd med nasjonale lovar og faglege retningslinjer. Ei viktig oppgåve er også å hjelpe kommunane med dei behov dei har knytt til BTI-modellen.

Stillinga ligg under Hallinghelse, som er det interkommunale helsesamarbeidet for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal og Flå. Oppmøtestad er Torpomoen.

 

Ansvarsoppgåver:

  • Oppdatere, vedlikehalde og drifte www.tryggoppveksthallingdal.no, og sikre at handlingsrettleiaren, og anna materiell og programvare, er oppdatert med nye lovkrav i m.a. oppvekstreformen.
  • Etablere nettverk mellom deltagande kommunar, og bistå med implementering og drift av BTI-modellen og www.tryggoppveksthallingdal.no.
  • Samhandle med leiarar i både oppvekst- og helsesektoren for å sikre bruken av BTI-modellen, og for å fremje god tverrfagleg innsats og forebyggande arbeid mellom sektorar.
  • Halde kommunane oppdatert på faglege råd og rettleiarar om tverrfagleg innsats og forebyggande arbeid.
  • Utarbeide og vedlikehalde samarbeidsavtaler med samarbeidande instansar.
  • Bistå kommunane med å utarbeide naudsynt planverk, der ansvaret for forebyggande arbeid og tidleg innsats står sentralt.
  • Koordinator vil ha ei styringsgruppe beståande av kommunalsjefane for helse i dei 5 deltakande kommunane, og ha 3 årlege møter med desse.

 

 Kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskoleutdanning innan helse- og sosialfag, eller lærerutdanning. Annan 3-årig utdanning innanfor helse- og oppvekstfag kan vurderast.
  • Kjennskap til BTI-modellen, og gjerne erfaring frå bruk av denne.
  • God kjennskap til kommunane i Hallingdal og tverrfagleg samarbeid rundt born og unge.
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt.
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, sette mål og arbeide systematisk for å nå desse.
  • Førerkort klasse B.

 

Me kan tilby:

  • Eit spennande og innovativt fagmiljø
  • Ein sjølvstendig arbeidskvardag
  • Lønn inntil 650.000 i 100 % stilling.

 

Relevant lovverk:

  • Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 1-1, 3-3
  • Barnevernsloven §§ 1-1, 3-1, 2. ledd
  • Sosialtjenesteloven (lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen) § 1-1
  • Folkehelseloven § 1-1
  • Opplæringsloven
  • Barnehageloven

 

 Send søknad 

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkommen som søkjar.

For spørsmål rundt stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i Hallinghelse, Iselin Haugo Stavn: [email protected], tlf. 95 44 49 08

 

Send søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytt til stillinga. 

Velkommen som søkjar.

 

 

Søk her

 

 

Jobbtype: Vikariat
Heiltid/Deltid: Deltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 04.05.2025
Arbeidsstad: Hallinghelse

 

Kontaktpersonar:

Iselin Haugo Stavn
mob: +47 95444908

 

Heimeside:

/hallinghelse.no

 

Adresse:

Torpomoen 3570 Ål

 

Ål kommune Hallinghelse

Hallinghelse er eit interkommunalt samarbeidstiltak for dei seks kommunane Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Hallinghelse skal ta initiativ til og koordinere samhandlingstiltak innan helse- helsefremjande tiltak, folkehelse og kompetanseheving mellom dei seks kommunane. Hallinghelse skal også fremje samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta (Vestre Viken Helseføretak (VVHF)). Hallinghelse er med på å gjere det mogleg for distriktskommunar å tilby eit nyskapande, innovativt fagmiljø med fokus på samhandling og samarbeid mellom kommunane.

Hallinghelse har kontorlokaler på Torpomoen i Ål kommune.

Våre nettsider: www.hallinghelse.no

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Iselin Haugo Stavn
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 954 44 908

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

Mai 4, 2025