Lærar i automasjon

Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialising. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 800 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.

Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle medverkar til fagleg og sosial utvikling. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ein læringsarena basert på tillit og respekt for kvarandre.

Vi søkjer etter ein lærar i automasjon og som gjerne har kunnskap om elektronikk og svakstrøm.

 

Søknadsfrist: 25.04.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Straume
Stillingstittel: Lærar i automasjon
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4949367581
Startdato: 01.08.2025

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning innan fagområdet elektro med hovudvekt på vg2 og vg3 automasjon.
  • Praktisk og teoretisk undervisning innan generell automasjon i bygg og industri, reguleringsteknikk, signalbehandling, robot, hydraulikk, pneumatikk.
  • Tett oppfølging av einskilde elevar og opplæringsbedrifter.
  • Skape og utvikle opplæringa i samarbeide med elevar, kollega, og skuleleiing.
  • Halde seg informert om utvikling i bransjen.
  • Halde god kontakt med bedrifter og samarbeide med arbeidsliv om å skaffe læreplassar.
  • Arbeide systematisk for at elevane skal lære, fagleg og sosialt òg for at elevane skal få læreplass.
  • Delta i arbeid med fagprøvestasjon for Automasjon.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev og arbeidserfaring i automasjons faget.
  • Kunnskap om elektronikk og svakstrøm vil være ein fordel.
  • Erfaring med oppfølging av lærlingar vil være ein fordel.
  • 2-årig fagleg teoretisk utdanning utover fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning eller godkjent yrkesfaglærarutdanning.
  • Ønskeleg med undervisningserfaring, men ikkje eit krav.
  • Gode IKT kunnskapar generelt og fagleg.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom formell undervisningskompetanse manglar, kan skulen legge til rette for å ta manglande teoretisk utdanning. Tilsetting kan skje på vilkår av at dette.

 

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer søkjarar med eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
  • Du har stort engasjement for faget.
  • Du bidrar til elevane sin faglege og sosiale utvikling.
  • Du er fleksibel og ser moglegheiter.
  • Du kan kombinere praktisk og teoretisk undervisning.
  • Du kan bruke digitale hjelpemiddel i undervisninga.
  • Å vere eigna for arbeid med ungdom vil bli tillagt stor vekt.
  • Du har gode ferdigheter i kommunikasjon og relasjonsbygging, både overfor elevar og andre samarbeidsparter.
  • Du kommuniserar godt på norsk munnleg og skriftleg.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode moglegheit til eigen læring og utvikling.
  • Du blir ein del av ein ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass.
  • Trimgrupper for tilsette.

 

Andre opplysningar

For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.

 

Branndalsmyra 61, 5353 Straume, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Line Therese Gaska
avdelingsleiar
 Telefon:91363756

Erik Henneli
Assisterande rektor
 Telefon:95826077

Olav Lee
rektor
 Telefon:93034370

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Erik Henneli
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 958 26 077
  • Olav Lee
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 930 34 370
  • Line Therese Gaska
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 91363756

Lokasjon

  • Skogsvåg

Søknadsfrist

April 25, 2025